Sollihøgda
Sollihøgda er ein tettstad som ligg i kommunane Bærum og Hole i Viken fylke. . E16 går over Sollihøgda. E16 når her sitt høgste punkt mellom Sandvika og Hønefoss, ca. 340 moh. Det bur om lag 200 her. Sollihøgda er eit populært utgangspunkt for skiturar på Krokskogen aust og nord for vegen og i Vestmarka på vest- og sørsida.
Bærum kommune eig eit vassverk på Sollihøgda som forsyner rundt 500 menneske på Bærumssida av Sollihøgda med grunnvatn frå fjellgrunnen.
Sollihøgda kapell er ei langkyrkje i tre frå 1911 med 70 plassar.
Denne geografiartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.