Hole kommune
- Denne artikkelen handlar om kommunen. For rom i berg, sjå hòle.
Hole er ein kommune i Buskerud i Viken fylke. Han grensar i nord til Ringerike, i aust til Bærum og i sør til Lier. Sør i Tyrifjorden grensar kommunen òg til Modum.
Hole kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Viken | ||
Adm.senter | Vik | ||
Areal | 192,68 km² | ||
- land | 135,05 km² | ||
- vatn | 57,63 km² | ||
Folketal | 6 888 (1. januar 2023) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Syver Leivestad (H) | ||
Kommunenr. | 3038 | ||
![]() Hole | |||
Wikimedia Commons: Hole, Norway | |||
Nettstad: www.hole.kommune.no | |||
Historie Endra
Hole kommune har fått namnet sitt frå ein hol, eit gammalt ord brukt om avrunda, einslege høgder. Holen det her er snakk om er Frøshaugåsen.
Dagens kommune er ganske ung, ettersom han fram til 1977 var del av Ringerike kommune etter å ha vorte slege saman med denne under den store kommunesamanslåinga i 1964.
Kommunevåpen Endra
Kommunevåpenet til Hole viser fire kongekroner. Desse skal minna om fire kongar som hadde tilknyting til kommunen. Halvdan Svarte skal ha budd på Stein på Bønsnes, og vera gravlagd i Halvdanshaugen. Seinare vart det Sigurd Syr sin kongsgard der fostersonen Heilag-Olav og sonen Harald Hardråde voks opp.
Bakgrunnsstoff Endra
- Hole kommune
- Hole historielag Arkivert 2004-11-26 ved Wayback Machine.
- Om kommunevåpenet