Solomon Lozovskij
Solomon Lozovskij (16. mars 1878–12. august 1952) var ein ukrainsk jødisk kommunist, ein kollega av Vladimir Lenin, og ein framståande person i den sovjetiske regjeringa og den sovjetiske fagorganisasjonen. Han var au leiar i avdelinga for internasjonale samband ved den høgre partiskolen. Han vart fødd i 1878 i Ukraina og vart medlem av bolsjevik-fraksjonen i Russlands Sosialdemokratiske Arbeidarparti, det seinare kommunistpartiet, i 1901.
Solomon Lozovskij | |
![]() | |
Fødd | russisk Соломон Лозовский 16. mars 1878 Alexandrovsky Uyezd |
---|---|
Død | 12. august 1952 (74 år) |
Statsborgar av | Sovjetunionen, Det russiske imperiet |
Parti | Sovjetunionens kommunistiske parti |
Yrke | politikar, journalist, fagforeiningsleiar, revolusjonær, universitetslærar, kommunist |
Institusjonar | Høyskolen under SUKPs sentralkomite |
Medlem | Sentralkomiteen i det sovjetiske kommunistpartiet Sovjetunionens sentrale eksekutivkomité Den allrussiske sentrale eksekutivkomité Profintern Jewish Anti-Fascist Committee |
Alle verv |
Lozovskij var generalsekretær i Profintern, den Raude Faglege Internasjonalen, frå 1921 til 1937. I 1939 var Lozovskij ein av tre viseutanriksministrar under utanriksminister Vjatsjeslav Molotov. Under krigen var han aktiv i den regjeringsstøtta Jødiske Anti-Fascistiske Komitéen. Han vart arrestert og truleg torturert under den antisemittiske kampanjen Josef Stalin sette i gang ca 1950.
Trass i eit veldig press, vedgjekk Lozovskij aldri skuld og impliserte aldri andre under rettssaka, som au har vorte kalla den siste Moskvaprosessen. Den stenografiske rapporten frå rettssaka vart offentleggjord i 1994.
Lozovskij vart avretta den 12. august 1952 saman med 13 andre tidlegare medlemmer av Den Jødiske Anti-Fascistiske Komitéen.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Solomon Lozovsky» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2006.