Vjatsjeslav Molotov

russisk diplomat og politikar

Vjatsjeslav Mikhajlovitsj Molotov[1] (9. mars 18908. november 1986) var ein sovjetisk politikar og diplomat. Han var den einaste av dei framståande bolsjevikane som overlevde Josef Stalin sine utreinskingar på 1930-talet. Han var utanriksminister for Sovjetunionen frå 1939 til 1949 og frå 1953 til 1956.

Vjatsjeslav Molotov
Molotov (minister van Buitenlandse Zaken van de Sovjet-Unie), Bestanddeelnr 900-8983.jpg
Fødd25. februar 1890
Sovetsk
Død8. november 1986 (96 år)
Statsborgar avSovjetunionen, Det russiske imperiet
PartiSovjetunionens kommunistiske parti, Det russiske sosialdemokratiske arbeiderpartiet (bolsjevikene)
Yrkepolitikar, diplomat, statsmann
Utdanna vedSt. Petersburg polytekniske institutt
EktefellePolina Zhemchuzhina
MedlemDet sovjetiske vitskapsakademiet
Sentralkomiteen i det sovjetiske kommunistpartiet
Molotov underteiknar Molotov-Ribbentrop-pakta, Ribbentrop og Stalin bak

Molotov vart i 1957 fråteken verva sine, og send som ambassadør til Mongolia. Nikita Khrusjtsjov hadde vorte ny leiar for Sovjetunionen, og ein trudde at Molotov ynskte å eit meir stalinistisk styresett.

Molotov-Ribbentrop-pakta og molotovcocktail har namn etter Molotov. Byen Perm bar namnet Molotov frå andre verdskrigen fram til 1957.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. russisk Вячесла́в Миха́йлович Мо́лотов

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vjatsjeslav Molotov
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.