Opna hovudmenyen

Soluna Samay Kettel-Ziegler (fødd 27. august 1990) er ein dansk songar og gitarist. Ho representerte Danmark i Eurovision Song Contest 2012 med songen «Should've Known Better».

Soluna Samay
7399Soluna Samay.JPG
Fødd 27. august 1990
Guatemala by
Yrke songar, singer-songwriter
Soluna Samay på Commons

Soluna Samay har tysk far og sveitsisk mor, men er fødd og oppvaksen i Guatemala by. Ho flytte til Bornholm i Danmark i år 2000. Faren hennar er også musikar, kjend i Danmark under artistnamnet Gee Gee Kettel. Dei to har tidlegare opptrådt saman som Gee Gee & Soluna, og gjeve ut ei rekkje plater saman frå 2001 til i dag.

Soluna Samay gav ut si fyrste soloplate, Sing Out LoudBaltic Records hausten 2011. 21. januar 2012 deltok ho i Dansk Melodi Grand Prix med «Should've Known Better», og vann. Dermed gjekk ho vidare til å representera Danmark i Eurovision Song Contest i Baku.

Eurovision Song Contest 2012Endra

Soluna Samay opptredde i den fyrste semifinalen i Baku den 22. mai 2012 og gjekk vidare til finalen. Her enda ho på ein 23. plass.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra