Solværet
63°14′55″N 7°49′48″E / 63.24861°N 7.83000°E
Solværet | |||
øy | |||
Fylke | Møre og Romsdal | ||
---|---|---|---|
Kommune | Smøla | ||
Høgaste punkt | 22 moh. | ||
Folketal | 0 | ||
Solværet er ei øy i Smøla kommune på Nordmøre, sør for hovudøya Smøla. Øya er ei av dei sørlegaste i Smøla kommune. Det bur ikkje folk her.
Øya er første gong nemnt i skriftlege kjelder som busett i 1621. Det skulle då ikkje ha budd folk der før. Store delar av 1800-talet budde det to huslydar på øya. Ho vart fråflytta på 1970-talet.
Folketalsutvikling
1801[1] | 1900[2] | 2000 |
---|---|---|
13 | 4 | 0 |
Solværet var del av Edøy kommune fram til 1915 og så Brattvær kommune fram til opprettinga av Smøla kommune i 1960.
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1801 for Edøy prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet
- Aashild Berg, Smøla bygdebok, bind III, Smøla kulturstyre, 1989
- KulturminnesøkDenne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.