Edøy kommune
Edøy kommune er ein tidlegare sjølvstendig kommune på Edøya og Smøla i Møre og Romsdal fylke, oppretta som Edøy formannskapsdistrikt i 1837 og slått saman til Smøla kommune i 1960.
Edøy kommune | |||
tidlegare norsk kommune | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Edøy kommune 63°20′02″N 8°03′56″E / 63.333888888889°N 8.0655555555556°E |
Edøya har ferjeleie og hurtigbåtkai for reisande til og frå kommunen, og Edøyfjorden er skipsleia mellom Kristiansund og Trondheim.[1]
Historikk
endreEdøy var tidlegare eit senter i det gamle Nordmørafylke. Fylket kan ha vore delt; i nord Fosen, som seinare vart Fosen len, og i sør Edøy, som seinare fekk namnet Nordmøre, og utgjer opphavet til det seinare Nordmøre len og Nordmøre fogderi. Edøy syssel og Edøy Hovedgard var i så fall hovudsetet for sysselmannen til kongen.[2]
Edøy er eitt av dei historiske sentera i Midt-Noreg med mellom anna Edøy gamle kyrkje, Edøystjerna, Edøy Hovedgård, Edøyskipet og Noregs dåpsattest Kulisteinen på naboøya Kuli. Det er gjort ei rekkje arkeologiske funn på Edøy, det tidlegaste datert til 2700 år f.kr. Truleg var Edøy kongssetet til Nordmørskongen Hundtjov som er omtalt i Snorres Kongesaga i samband med slaga på Solskjel ved Harald Hårfagre si samling av Noreg til eitt rike i ca. 863.[3]
På Edøy blir det kvart år sett opp eit historisk spel, Fru Guri av Edøy, som omhandlar kristninga og samlinga av Noreg.[4]
Kommune
endreEdøy var tidlegare sjølvstendig kommune, på Edøya og Smøla i Møre og Romsdal fylke oppretta som Edøy formannskapsdistrikt i 1837. Kommunen blei første gong delt 1. januar 1874 då Tustern (Tustna) blei skilt ut som eigen kommune. Edøy hadde på dette tidspunktet 2 166 innbyggarar.
1. januar 1915 blei kommunen igjen delt då Brattvær og Hopen blei skilt ut som eigne kommunar. Edøy hadde no 973 innbyggarar. 1. januar 1960 blei delinga som blei gjennomført i 1915 reversert, og dei tre kommunane blei igjen ei samla eining – denne gongen med namnet Smøla kommune. Ved samanslåinga hadde Edøy 1 135 innbyggarar. I dag er det færre fastbuande på Edøy, medan Smøla kommune hadde 2 176 innbyggarar i 2024.[5] Edøy kommune slik han var frå 1915 til 1960 svarer til dagens Edøy sokn, som hadde 706 innbyggarar i 2015.[6]
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling for gamle Edøy kommune frå 1915 til 1960:
1.1.1915[7] | 1.12.1920[8] | 1.12.1930[9] | 3.12.1946[9] | 1.1.1951[10] | 1.1.1960[7] |
---|---|---|---|---|---|
973 | 996 | 1004 | 1170 | 1168 | 1135 |
Kjelder
endre- ↑ «Edøya – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no (på norsk bokmål), henta 8. september 2024
- ↑ «Peter i Edøy». moldeglimt.no. Henta 8. september 2024.
- ↑ «Kulturarven Edøya», OPPLEV SMØLA (på norsk), henta 8. september 2024
- ↑ «Fru Guri - historien», OPPLEV SMØLA (på norsk), henta 8. september 2024
- ↑ «Kommunefakta», SSB (på norsk bokmål), henta 8. september 2024
- ↑ «Edøy» (3. februar 2023) i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ 7,0 7,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 9,0 9,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ Folkemengd i Edøy/Smøla 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- Denne artikkelen bygger på «Edøy» frå Wikipedia på bokmål, den 8. september 2024.