Sombrerogalaksen
Sombrerogalaksen (katalogisert M104 og NGC 4594) er ein spiralgalakse 50 000 lysår på tvers som ligg rundt 28 millionar lysår unna i stjernebiletet Jomfrua.[2] I midten av galaksen ligg det eit supermassivt svart hòl med ein masse på om lag éin milliard solmassar.[2]
Sombrerogalaksen | |
![]() Hubble-bilete av Sombrerogalaksen | |
Observasjonsdata (epoke J2000) | |
---|---|
Stjernebilete | Jomfrua |
Rektasensjon | 12t 39m 59,4s[1] |
Deklinasjon | -11° 37′ 23,0″[1] |
Avstand | 28 millionar lysår |
Type | spiralgalakse (Sa), LINER |
Sjå òg: Galakse, lista over galaksar |

Hubble- og Spitzer Space Telescope-bilete sette saman til eitt. Hubble-biletet er teke i synleg lys medan Spitzer-biletet er teke i infraraudt.
Sombrerogalaksen ligg i den sørlege enden av galaksehopen Jomfru-hopen og er eit av dei mest massive objekta i hopen.[2]
Namnet til galaksen kjem av at han kan likna på ein meksikansk sombrerohatt.[2]
BakgrunnsstoffEndra
KjelderEndra
- ↑ 1,0 1,1 Simbad om Sombrerogalaksen
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «The Majestic Sombrero Galaxy (M104)» - biletteksten til eit Hubble-bilete av galaksen på ein av dei to offisielle heimseidene til teleskopet