Something About the Way You Look Tonight
Something About the Way You Look Tonight Singel av Elton John frå albumet The Big Picture | ||
A-side |
«Something About the Way You Look Tonight» & «Candle in the Wind 1997» | |
---|---|---|
B-side |
«You Can Make History (Young Again)» | |
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. september 1997 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:59 | |
Selskap | Mercury / Rocket | |
Komponist | Elton John | |
Tekstforfattar | Bernie Taupin | |
Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
Produsent | Chris Thomas | |
Elton John-kronologi | ||
«Live Like Horses» (1996) |
Something About the Way You Look Tonight | «Recover Your Soul» (1998)
|
«Something About the Way You Look Tonight» er ein song av Elton John, som kom ut i 1997 som den første singelen frå The Big Picture. Songen og videoen var til minne om Gianni Versace, som vart myrda same året.
Singelen vart gjeven ut som ei dobbel A-side med «Candle in the Wind 1997». Denne doble A-sida er ein av færre enn 30 singlar gjennom tidene som har seld minst 10 millionar eksemplar i verda.
Videoen for songen inneheld skodespelarar frå den britiske TV-serien This Life, samt supermodellane Kate Moss og Sophie Dahl.
Berre i Storbritannia selde singelen like opp under 5 millionar eksemplar (8x platinaplate), og er den bestseljande singelen i Storbritannia nokon gong. Han låg fem veker på førsteplassen. I USA vart songen rekna som ei dobbel A-side med «Candle in the Wind 1997» og låg 14 veker på førsteplassen på Billboard Hot 100. I Noreg gjekk den doble A-sida rett inn på førsteplassen og vart liggande der i totalt seks veker. På Topp 20 låg singelen i 22 veker.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Something About the Way You Look Tonight» frå Wikipedia på engelsk, den 10. desember 2011.
Føregangar «I'll Be Missing You» Puff Daddy & Faith Evans |
Toppen av VG-lista Elton John 6 veker, veke 39–44, 1997 |
Etterfylgjar «Prince Igor» The Rhapsody feat. Warren G & Sissel Kyrkjebø |