Sonate i E-dur for fløyte eller blokkfløyte og basso continuo
Sonate i E-dur for fløyte eller blokkfløyte og basso continuo av Johann Sebastian Bach (BWV 1035) er ein sonate i fire satsar:
- Adagio ma non tanto
- Allegro
- Siciliano
- Allegro assai
BWV 1035 Sonate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Kammermusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1741 | ||
Publiseringsdato | 1867 i Leipzig | ||
Typisk lengd | 12:19 | ||
Satsar/akter | 4 | ||
Toneart | E-dur | ||
Instrumentering | fløyte, cembalo |
|
||||||||||||||||
Problem med å høyra desse filene? Sjå mediahjelp. |
Tonearten E-dur skapar mange utfordrande fingerstillingar på ei barokkfløyte, og denne sonaten er vanskelegare enn det mange fløytistar kring Bach var kjende for å kunne spele. [1] I følgje framsida på ein seinare kopi av partituret, skreiv Bach denne sonaten for den særs dyktige fløytisten Michael Gabriel Fredersdorff frå Potsdam, som var i teneste hos den fløyteelskande kong Fredrik den store. [1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Sonata for flute & continuo in E major, BWV 1035 på Allmusic av James Reel. Henta 27. april 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Sonatar for fløyte og Basso Continuo, BWV 1033-1035: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.