Songboka er tittelen på siste nynorskutgåva av Lars Søraas si songbok for bruk i skule og heim. Utgjevinga av desse songbøkene går attende til 1906, då Lars Søraas d.e. gav ut det første hefte med songar til bruk i skulen. Det heitte Barnesange og sanglege og var laga for bruk dei to første skuleåra. Fram til 1912 gav han ut i alt 12 hefte. I tillegg til det første for første- og andreklassingar, gav han ut fem hefte til på riksmål. Så kom tre hefte i Metodisk veiledning for læraren. Skulesongbokverket vart fullført med Skulesongbok I, II og III, som var landsmålsutgåver.

Lars Søraas hadde tenkt seg til å gi ut ei revidert utgåve på nynorsk, der han ville samle alt til ei bok. Dette rakk han ikkje før han døydde. Sonen Lars Søraas d.y. fullførde dette arbeidet saman med Andreas Rebbestad. Tittelen på denne bok som kom i 1929 var Songbok. Lars Søraas d.y. held fram med å revidere songbøkene, både på bokmål og nynorsk. Siste nynorskutgåva kom i 1960. Den siste på bokmål i 1964.

Bøkene kom ut under Lars Søraas sit namn, utan å skilje mellom den eldre og den yngre.

Kjelder endre

  • Norvald Skreien: Lars Søraas far og sønn Oslo 2005