Lars Søraas d.e.

Lars Søraas d.e. (20. juli 18624. november 1925) var ein norsk lærar, songpedagog, kordirigent, organist og komponist frå Søraas i Fana. Han budde størstedelen av livet i Bergen. Han start tidleg med song. 17 år gammal leia han Fana Sangforening. Han var organist i Sandviken kyrkje i meir enn 30 år. Han starta å gi ut Lars Søraas Skulesongbok i 1907. Det arbeidet heldt sonen Lars Søraas d.y. fram med etter at faren var død. Som komponist er Lars Søraas d.e. særleg kjend for å ha tonesett sivlesongane Den fyrste song og Lerka.

Lars Søraas d.e.
Fødd20. juli 1862
Død4. november 1925 (63 år)
OpphavNoreg
Verka somkomponist
BornLars Søraas d.y.

KjelderEndra