Songen Brother Love's Travelling Salvation Show
Brother Love's Travelling Salvation Show Singel av Neil Diamond | ||
B-side |
«A Modern Day Version of Love» | |
---|---|---|
Sjanger | Poprock | |
Selskap | UNI | |
Låtskrivar(ar) | Neil Diamond | |
Produsent | Tommy Cogbill Chips Moman | |
Neil Diamond-kronologi | ||
«Sunday Sun» (1969) |
Brother Love's Travelling Salvation Show | «Sweet Caroline» (1969)
|
«Brother Love's Travelling Salvation Show» er ein song frå 1969 skriven og framført av Neil Diamond. Songen nådde 22. plass på Billboard Hot 100 i USA.
Historie
endreSongen fortel soga om Brother Love, ein evangelist som reiser frå by til by for å preike. I midten av songen held Diamond ei preike på typisk evangelistisk måte.
Somme evangeliske grupper i Sørstatane oppfordra til å boikotte songen og Diamond fordi dei meinte at songen rakka ned på og fornærma evangelistar og den evangeliske rørsla. Då Diamond i eit intervju sa at det var motsett og at han hylla gospelmusikken og den evangeliske stilen å preike og tilbede på. Striden gav seg etter det.
Den originale singelen er noko forskjellig frå albumversjonen. Bortsett frå at han er i mono, er det lagt på ekstra romklang gjennom heile songen. Stemma til Neil Diamond vart overdubba og skapte ein harmoni. Eit parti på røyrklokker vart lagt til etter frasen «Take my hand in yours...». Uttoninga av songen er lengre med ein tydelegare blåseseksjon og raslande tamburin. Alle versjonane av songen som finst på samleplatene til Diamond har nytta denne miksen.
The New Rolling Stone Album Guide kallar «Brother Love's Travelling Salvation Show» «genuint vanvittig».[1]
I 1969 song Peggy Lee ein versjon av songen på comebackalbumet sitt, Is that all There Is?. Dolly Parton har spelt songen ved fleire høve.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brother Love's Travelling Salvation Show (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Brackett, N., red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 233. ISBN 9780743201698.