Dolly Parton
Dolly Rebecca Parton (fødd 19. januar 1946) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, multi-instrumentalist, skodespelarinne, forfattar og forretningskvinne, mest kjend som countryartist. Etter å ha hatt suksess som låtskrivar for andre artistar, debuterte Parton som plateartist i 1967 med Hello, I'm Dolly. Etter suksessen hennar seint i 1960-åra, både som soloartist og med ei rekkje duettalbum i lag med Porter Wagoner, nådde salstala og listeplasseringane hennar eit høgdepunkt i 1970-åra, og fortsette inn i 1980-åra. Albuma til Parton selde ikkje like godt i 1990-åra, men ho har sidan 2000 hatt kommersiell suksess igjen og gjeve ut album på forskjellige sjølvstendige selskap, inkludert hennar eige Dolly Records.
Parton har hatt 25 songar på toppen av Billboard countrylista, som er rekord for ein kvinneleg artist i lag med Reba McEntire). Ho har 44 topp 10-album på countrylista, som er rekord for alle artistar, og 110 av singlane hennar har gått inn på lista dei siste 40 åra.[2] Ho har fått ti Grammyprisar og 49 nominasjonar, inkludert æresprisen. I tillegg har ho vunne ti Country Music Association Awards, mellom anna som årets artist og som ein av berre sju kvinnelege artistar som har vunne denne prisen. Ho har vunne fem Academy of Country Music Awards og tre American Music Awards.[3]
I 1999 vart Parton innlemma i Country Music Hall of Fame. Ho har komponert over 3 000 songar, inkludert «I Will Always Love You» (som har nådd toppen av den amerikanske countrylista ved to forskjellige høve, og i tillegg vert ein internasjonal pophit for Whitney Houston), «Jolene», «Coat of Many Colors» og «9 to 5». Ho er òg blant få som har hatt minst ein nominasjon blant Oscarpisen, Grammyprisen, Tonyprisen og Emmyprisen. Som skodespelar har ho spelt i filmar som 9 to 5 (1980) og The Best Little Whorehouse in Texas (1982), som ho vart nominert til Golden Globe for i kategorien beste skodespelarinne, i tillegg til Rhinestone (1984), Steel Magnolias (1989), Straight Talk (1992) og Joyful Noise (2012).
DiscographyEndra
- Hello, I'm Dolly (1967)
- Just Between You and Me (med Porter Wagoner) (1968)
- Just Because I'm a Woman (1968)
- Just the Two of Us (med Porter Wagoner) (1968)
- In the Good Old Days (When Times Were Bad) (1969)
- Always, Always (med Porter Wagoner) (1969)
- My Blue Ridge Mountain Boy (1969)
- The Fairest of Them All (1970)
- Porter Wayne and Dolly Rebecca (med Porter Wagoner) (1970)
- Once More (med Porter Wagoner) (1970)
- Two of a Kind (med Porter Wagoner) (1971)
- The Golden Streets of Glory (1971)
- Joshua (1971)
- Coat of Many Colors (1971)
- The Right Combination • Burning the Midnight Oil (med Porter Wagoner) (1972)
- Touch Your Woman (1972)
- Together Always (med Porter Wagoner) (1972)
- My Favorite Songwriter, Porter Wagoner (1972)
- We Found It (med Porter Wagoner) (1973)
- My Tennessee Mountain Home (1973)
- Love and Music (med Porter Wagoner) (1973)
- Bubbling Over (1973)
- Jolene (1974)
- Porter 'n' Dolly (med Porter Wagoner) (1974)
- Love Is Like a Butterfly (1974)
- The Bargain Store (1975)
- Say Forever You'll Be Mine (med Porter Wagoner) (1975)
- Dolly (1975)
- All I Can Do (1976)
- New Harvest...First Gathering (1977)
- Here You Come Again (1977)
- Heartbreaker (1978)
- Great Balls of Fire (1979)
- Dolly, Dolly, Dolly (1980)
- Porter & Dolly (med Porter Wagoner) (1980)
- 9 to 5 and Odd Jobs (1980)
- Heartbreak Express (1982)
- Burlap & Satin (1983)
- The Great Pretender (1984)
- Once Upon a Christmas (med Kenny Rogers) (1984)
- Real Love (1985)
- Trio (med Emmylou Harris og Linda Ronstadt) (1987)
- Rainbow (1987)
- White Limozeen (1989)
- Home for Christmas (1990)
- Eagle When She Flies (1991)
- Slow Dancing with the Moon (1993)
- Honky Tonk Angels (med Loretta Lynn og Tammy Wynette) (1993)
- Something Special (1995)
- Treasures (1996)
- Hungry Again (1998)
- Trio II (med Emmylou Harris og Linda Ronstadt) (1999)
- Precious Memories (1999)
- The Grass Is Blue (1999)
- Little Sparrow (2001)
- Halos & Horns (2002)
- For God and Country (2003)
- Those Were the Days (2005)
- Backwoods Barbie (2008)
- Better Day (2011)
- Blue Smoke (2014)
- Pure & Simple (2016)
- I Believe in You (2017)
- A Holly Dolly Christmas (2020)
FilmarEndra
- 9 to 5 (1980)
- The Best Little Whorehouse in Texas (1982)
- Rhinestone (1984)
- Steel Magnolias (1989)
- Straight Talk (1992)
- Frank McKlusky, C.I. (2002)
- Gnomeo & Juliet (2011)
- Joyful Noise (2012)
Publiserte verkEndra
- Just the Way I Am: Poetic Selections on Reasons to Live, Reasons to Love and Reasons to Smile from the Songs of Dolly Parton (1979)[4]
- My Life and Other Unfinished Business (1994)[5]
- Coat of Many Colors (1996)[6]
- Dolly's Dixie Fixin's: Love, Laughter and Lots of Good Food (2006)[7]
- I Am a Rainbow[8] (2009)
- Dream More: Celebrate the Dreamer in You (2012)[9]
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Dolly Parton» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Parton 1994.
- ↑ «Dolly Parton». Billboard. Henta 1. juni 2020.
- ↑ «2020 GRAMMY Awards: Complete Winners List». GRAMMY.com (på engelsk). 20. november 2019. Henta 1. juni 2020.
- ↑ Just the Way I Am: Poetic Selections on «Reasons to Live, Reasons to Love and Reasons to Smile» from the Songs of Dolly Parton (på English). Blue Mountain Press. 1979. ISBN 978-0883960431.
- ↑ results, search (1. oktober 1994). Dolly: My Life and Other Unfinished Business (på English). HarperCollins. ISBN 978-0060177201.
- ↑ Parton, Dolly (18. januar 1996). Coat of Many Colors: Dolly Parton, Judith Sutton: 9780064434478: Amazon.com: Books. ISBN 978-0064434478.
- ↑ «Dolly's Dixie Fixin's: Love, Laughter and Lots of Good Food». Viking Studio. Henta 2. november 2018.
- ↑ «I Am a Rainbow» (på English). G.P. Putnam's Sons. 2009. Henta 2. november 2018.
- ↑ Dream More: Celebrate the Dreamer in You (på English). Riverhead Books. 5. november 2013. ISBN 978-1594631313.