Tommy Cogbill
Thomas Clark Cogbill (8. april 1932–7. desember 1982) var ein amerikansk R&B-, soul- og countrybassist, gitarist og plateprodusent.
Tommy Cogbill | |||
Fødd | 8. april 1932 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Johnson Grove i Tennessee i USA | ||
Død | 7. desember 1982 (50 år) | ||
Dødsstad | Nashville i Tennessee i USA | ||
Fødenamn | Thomas Clark Cogbill | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Soul, R&B, country | ||
Instrument | Bassgitar, gitar | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent |
Karriere
endreTommy Cogbill var fødd i Johnson Grove i Tennessee. Han var ein særs etterspurt studiomusikar og spelte på mange klassiske innspelingar i 1960- og 1970-åra, særleg frå Nashville, Memphis og Muscle Shoals. Han er omtalt som inspirasjon for mange bassistar, som Jaco Pastorius. Seint i 1960- og tidleg i 1970-åra arbeidde Cogbill mykje i American Sound Studio i Memphis[1] som produsent og so ein del av den faste rytmeseksjonen til studioet, kjend som The Memphis Boys.[2]
Ein av dei mest kjende innspelingane hans er basslinja på Dusty Springfield-hitten «Son of a Preacher Man» frå 1969, produsert av Jerry Wexler og Tom Dowd.[3] Andre store artistar han spelte inn med er King Curtis, Joe Tex, Elvis Presley, Aretha Franklin, Dobie Gray, Kris Kristofferson, J.J. Cale, Wilson Pickett (inkludert basslinja på «Funky Broadway»), Chuck Berry, Dolly Parton, Bob Seger og Neil Diamond.[4] Han spelte òg bass på King Curtis-singelen «Menphis Soul Stew»[5] i 1967.
Diskografi
endre- The Exciting Wilson Pickett, Wilson Pickett, 1966
- The Sound of Wilson Pickett, Wilson Pickett, 1967
- Wicked Pickett, Wilson Pickett, 1967
- Aretha Arrives, Aretha Franklin, 1967
- I Never Loved a Man The Way I Love You, Aretha Franklin, 1967
- For Your Precious Love, Oscar Toney Jr., 1967
- Lady Soul, Aretha Franklin, 1968
- Aretha Now, Aretha Franklin, 1968
- Aretha '69, Aretha Franklin, 1969
- Dusty in Memphis, Dusty Springfield, 1969
- Menphis Underground, Herbie Mann, 1971
- Spills the Beans, Joe Tex,[6] 1972
- Seven, Bob Seger, 1974
- Okie, J.J.Cale, 1974
- Hey Dixie, Dobie Gray,[7] 1974
- You and Me Together, James and Bobby Purify, 1975
- Easy As Pie, Bily «Crash» Craddock, 1976
- So Lonesome Tonight, Charlie Rich, 1977
- Crash, Bily «Crash» Craddock, 1977
- Starting All Over Again, Don Gibson, 1978
- Where to Now, Charlie Dore, 1979
- At This Moment, Billy Bera & The Beaters, 1981
- Hollywood i Tennessee, Crystal Gayle, 1981
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tommy Cogbill» frå Wikipedia på engelsk, den 7. januar 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://historic-memphis.com/.../american-studios/american-studios.ht[daud lenkje]...
- ↑ Jones, Roben, Memphis Boys, The University Press of Mississippi, Jackson, 2010
- ↑ «Dusty Springfield's 'Son of a Preacher Man', Chris Jisi». Bassplayer.com. Henta 7. januar 2017.
- ↑ «Tommy Cogbill». AllMusic. Henta 7. januar 2017.
- ↑ http://www.discogs.com/King-Curtis-Memphis-Soul-Stew/.../2...
- ↑ http://www.discogs.com/Joe-Tex-Joe-Tex-Spills-The-Beans/...
- ↑ http://www.discogs.com/artist/107561-Dobie-Gray