Songen Green River
Green River Singel av Creedence Clearwater Revival frå albumet Green River | ||
B-side |
«Commotion» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juli 1969[1] | |
Innspelt | Mellom mars og juni 1969[2] i Wally Heider Studios i San Francisco i California[3] | |
Sjanger | Roots-rock | |
Lengd | 2:36 | |
Selskap | Fantasy | |
Komponist | John Fogerty | |
Tekstforfattar | John Fogerty | |
Låtskrivar(ar) | John Fogerty | |
Produsent | John Fogerty | |
Creedence Clearwater Revival-kronologi | ||
«Bad Moon Rising» (1969) |
Green River | «Down on the Corner» (1969)
|
«Green River» er ein song av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival. Songen vart skriven av John Fogerty og gjeven ut som singel i juli 1969, ein månad før albumet med same namn kom ut.[1]
Bakgrunn
endre
Take me back down where cool water flows, y'all
John Fogerty
|
Songen «Green River» vart basert på ein stad der Fogerty brukte å vere ved Putah Creek. Tittelen på songen kom frå etiketten på ei sirupsflaske, som heitte «Green River».[4]
Allmusic skreiv som songen: «Det som er så merkverdig med «Green River» er at songen på så mektig vis frambringer bileta sine på mindre enn to og eit halvt minutt, på ei tid då ein langvarig jam var i ferd med å bli idealet i rock and roll. Creedence Clearwater Revival forstod at mindre framleis kunne bety meir, og «Green River» er eit glimrande døme på dette.»[5]
Salstal
endre«Green River» selde til gullplate (500 000 einingar) den 13. desember 1990.[6]
Liste (1969) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[7] | 5 |
Canada (RPM)[8] | 5 |
Tyskland (Media Control AG)[9] | 8 |
UK Singles (Official Charts Company)[10] | 19 |
US Billboard Hot 100[11] | 2 |
Andre versjonar
endreMary Wilson frå The Supremes arbeidde med den britiske plateprodusent Gus Dudgeon på ein versjon tidleg i 1980-åra, men denne vart aldri gjeven ut. Countrybandet Alabama spelte inn ein versjon av songen i 1982 for albumet Mountain Music.
I media
endre- Songen er spelbar i videospelet Rock Band.
- Songen vert spelt i traileren for filmen Taking Woodstock.
- Songen er med i videospelet Grand Theft Auto: San Andreas på classic rock-stasjonen K-DST.
- Songen vart spelt under eit grasklypparløp i King Of The Hill-episoden «Hank's Back Story».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Green River (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 (1991) Plateomslagstekst for Chronicle: The 20 Greatest Hits av Creedence Clearwater Revival [CD liner]. United States: Fantasy Records (FCD-CCR2-2).
- ↑ Stephen Thomas Erlewine. «Overview: Green River by Creedence Clearwater Revival». Allmusic. USA: Rovi Corporation. Henta 17. august 2013.
- ↑ (2008) Plateomslagstekst for Green River (Expanded Reissue) av Creedence Clearwater Revival [CD liner]. USA: Concord Music Group (FAN-30877-02).
- ↑ Michael Goldberg (1993). Jann S. Wenner, red. «Fortunate Son: John Fogerty - The 1993 Rolling Stone Interview». Rolling Stone (United States: Jann S. Wenner). Henta 17. august 2013.
- ↑ «Green River». Allmusic.
- ↑ RIAA Certification Search
- ↑ "Creedence Clearwater Revival – Green River – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
- ↑ «RPM - Item Display: Top Singles - Volume 12, nr. 5, September 20 1969» (PHP). Library and Archives Canada. March 31, 2004.
- ↑ "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ «Creedence Clearwater Revival - Billboard Singles». Allmusic. United States: Rovi Corporation. Henta 17. august 2013.