Songen South of the Border (1939)

«South of the Border» er ein populær amerikansk song som skildrar ein tur til Mexico, skriven av Jimmy Kennedy og Michael Carr. Songen kom ut i 1939 for filmen South of the Border med countrystjerna Gene Autry.[1]

I teksten ser ein mann attende med anger og smerte for å ha lyge til ei kvinne han ikkje kan gløyme - «...and now as I wander, my thoughts ever stray...». Han kjem attende til ho for seint og oppdagar at ho har blitt ei nonne.[2] Teksten er mykje meir nedtont enn musikken, som svintar av glede.

Songen vart ein hit i 1939 for Shep Fields, med vokal av Hal Derwin.[3] Andre suksessrike innspelingar i 1939 var av Guy Lombardo, Gene Autry, Ambrose med vokal av Denny Dennis og Tony Martin.[4]

Frank Sinatra spelte inn songen 30. april 1953[5] for Capitol Records og nådde 18. plassen på Billboard-lista.[6]

Medlemmar av Western Writers of America valde songen som ein av dei 100 beste western-songane gjennom tidene.[7]

Andre innspelingar endre

Norske versjonar endre

Tola (Torleif Larssen) har skrive ein norsk tekst og Øystein Sunde har skrive ein meir humoristisk norsk tekst. Versjonen til Tolas heiter «Sollyse dager ved Mexicos strand», medan Sunde sin versjon heiter «Saus over bordet».

Innspelingar endre

År Songtittel Albumtittel Artist Tekstforfattar Platetype Platemerke og katalognummer
1939[19] «Sollyse dager ved Mexicos strand» Jens Book-Jenssen med Ø. Berghs Bristolorkester Tola 78-plate Columbia GN 716
1939 «Sollyse dager ved Mexicos strand» Øystein Frantzen Tola 78-plate His Master's Voice
«Sollyse dager ved Mexicos strand» Ivar Ruste Tola
1981 «Saus over bordet» Barkebille boogie Øystein Sunde Øystein Sunde LP Philips 6327 046

Kjelder endre

  1. Soundtrack: South of the Border - 1939. - IMDb.
  2. Frederick B. Pike, «FDR's Good Neighbor Policy: Sixty Years of Generally Gentle Chaos» - 1995, University of Texas Press. P. 198.
  3. Whitburn, Joel (1986). Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954. Wisconsin, USA: Record Research Inc. s. 157. ISBN 0-89820-083-0. 
  4. Whitburn, Joel (1986). Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954. Wisconsin, USA: Record Research Inc. s. 583. ISBN 0-89820-083-0. 
  5. «Frank Sinatra Diskografi». jazzdiscography.com. Henta 9. juli 2017. 
  6. Whitburn, Joel (1986). Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954. Wisconsin, USA: Record Research Inc. s. 394. ISBN 0-89820-083-0. 
  7. Western Writers of America (2010). «The Top 100 Western Songs». American Cowboy. Arkivert frå originalen 3. februar 2017. Henta 9. juli 2017. 
  8. «allmusic.com». allmusic.com. Henta 9. juli 2017. 
  9. «Discogs.com». Discogs.com. Henta 9. juli 2017. 
  10. «Discogs.com». Discogs.com. Henta 9. juli 2017. 
  11. «45worlds.com». 45worlds.com. Henta 9. juli 2017. 
  12. «45cat.com». 45cat.com. Henta 9. juli 2017. 
  13. «Discogs.com». Discogs.com. Henta 9. juli 2017. 
  14. «allmusic.com». allmusic.com. Henta 9. juli 2017. 
  15. «45cat.com». 45cat.com. Henta 9. juli 2017. 
  16. «Discogs.com». Discogs.com. Henta 9. juli 2017. 
  17. «Discogs.com». Discogs.com. Henta 9. juli 2017. 
  18. «Discogs.com». Discogs.com. Henta 9. juli 2017. 
  19. Innspelt i Oslo i august 1939