Opna hovudmenyen

Øystein Sunde (fødd 24. januar 1947) er ein norsk visesongar og gitarspelar. Han er kjend for sitt raske gitarspel og ordleiken i tekstane sine.

Øystein Sunde
Sunde01.jpg
Fødd 24. januar 1947
Oslo
Yrke musikar, songar, gitarist, låtskrivar
Øystein Sunde på Commons

Sunde vart fødd i Oslo, men familien flytta tidleg til Skarnes, der Sunde byrja på skule. I 1955 flytta familien tilbake til Lambertseter i Oslo. I 1976 flytta Øystein Sunde tilbake til Skarnes saman med kona Gudrun.

Under den norske visebølgja vart Øystein Sunde ein del av musikkmiljøet i hovudstaden, og frekventerte viseklubben Dolphins saman med personar som Kari Svendsen, Lillebjørn Nilsen, Ole Paus, Finn Kalvik og Hege Tunaal. Han har spelt i band som Hitch-Hikers, Hi-Five, Christiania Fusel & Blaagress og Gitarkameratene. Han har òg delteke i revyar, men er mest kjend som soloartist. Han har fleire gonger vunne Spellemannprisen, både som soloartist og med Gitarkameratene. I 2000 vann han også Edvard-prisen i klassen tekst til musikk.

I 1975 deltok Øystein Sunde i Melodi Grand Prix med songen En enkel sang, skriven av Benny Borg. Songen kom på ein tredjeplass.

Sunde skriv hovudsakleg humoristiske tekstar, ofte om kvardagslege ting frå sitt eige liv, som bleiebarn og modellfly. Uttrykk som «kjekt å ha», «morn, du!» og «du må’kke komme her og komme her» frå songane hans er blitt til norske munnhell.

UtgjevingarEndra

  • 1001 Fnatt (1970)
  • Det året det var så bratt (1971)
  • Som varmt hvetebrød i tørt gress (1972)
  • Sunderfundigheter (1973)
  • Ikke bare tyll (1974)
  • Klå (1974)
  • Hurtbuller i hvit saus (1975)
  • På sangens vinger (1976)
  • Øystein Sundes beste (1977)
  • Hærtata hørt [1979)
  • Barkebille Boogie (1981)
  • I husbukkens tegn (1984)
  • Overbuljongterningpakkmesterassistent (1986)
  • Kjekt å ha (1989)
  • Øystein Sundes 40 beste (1990)
  • Du må'kke komme her og komme her (1994)
  • Nå er begeret nådd (1999)
  • Sånn er'e bare (2005)

I tillegg har han gjeve ut fire bøker med tekst og notar til songane sine:

  • Viser uten slips (1972)
  • Kjekt å ha–1 (1990)
  • Kjekkere å ha–2 (1992)
  • Du må'kke komme her og komme her (1997)

Utmerkingar som soloartistEndra

BakgrunnsstoffEndra