Opna hovudmenyen
The Last DJ
Singel av Tom Petty and the Heartbreakers
frå albumet The Last DJ
Utgjeve 23. september 2002
Sjanger Rock
Lengd 3:31
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Tom Petty
Produsent George Drakoulias, Tom Petty, Mike Campbell
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi
«Room at the Top»
(1999)
The Last DJ «Good Enough»
(2010)


«The Last DJ» er ein song skriven av Tom Petty og spelt inn av det amerikanske rockebandet, Tom Petty and the Heartbreakers. Han vart gjeven ut i september 2002 som den første singelen frå albumet med same namn. Songen fekk moderat suksess og nådde 22. plassen på Billboard Mainstream Rock Tracks i 2002. Songen vart bannlyst på mange radiostasjonar eigd av Clear Channel Communications fordi han var «anti-radio».[1]

Bakgrunn og skrivingEndra

Petty sa til Mojo at i songen så var «Radio berre ein metafor. ‘The Last DJ’ handlar i røynda om tapet av eit moralsk kompass, vårt moralske senter». [2] Petty fortalte Jim DeRogatis at songen er ei soge «om ein D.J. i Jacksonville i FLorida så vart så frustrert av å ikkje få spele dei songane han ville på radio, at han flytta til Mexico for å få fridomen sin attende. Songen vert sungen av ein forteljar som er ein fan av denne DJen.» [3]

InnhaldEndra

Songen er eit åtak på selskap som tok over radiostasjonar seint i 1990-åra. Radiostasjonar hadde eitt enkelt musikkprogram som gjekk i opptak på mange forskjellige stasjonar. Selskapa sparte slik pengar, men mista samstundes kontakten med dei lokale lyttarane.

ListerEndra

Liste (2002) Plassering
U.S. Billboard Mainstream Rock Tracks 22

KjelderEndra

  1. LA Times: Tom Petty banned
  2. The Last DJ Songfacts
  3. Damn the Torpedoes

BakgrunnsstoffEndra