Sonia Sotomayor (fødd 25. juni 1954 i The Bronx i New York City i USA) er ein av ni dommarar i Høgsteretten i USA.

Sonia Sotomayor
Sonia Sotomayor in SCOTUS robe.jpg
Fødd 25. juni 1954
Bronx
Yrke dommar, advokat, universitetslærar, politikar
Sonia Sotomayor på Commons

Ho var føderal domar i appelldomstolen i den andre kretsen då ho i 2009 vart nominert av president Barack Obama til Høgsteretten i USA. Ho vart utnemnd 6. august 2009 av det amerikanske senatet med 68 mot 31 stemmer. Sotomajor vart med dette historisk som fyrste høgsterettsdommar med spansktalende bakgrunn.[1] Ho var den tredje kvinna som vart utnemnd til dette dommarvervet.

KarriereEndra

Sotomayor er fødd i sørlege Bronx i New York. Ho er dotter av far og mor som flytte inn frå høvesvis San Juan og Lajas i det spansktalende amerikanske territoriet Puerto Rico. Ho er utdanna ved Princeton og Yale. Si gjerning som føderal domar innleidde ho i New York City i 1992 etter å ha vorte nominert av George Bush. Seks år etter vart ho den første kvinna av puertoricansk bakgrunn til å verta domar i ein føderal kretsdomstol etter å ha vorte nominert av Bill Clinton og approbert av senatet 2. oktober 1998.[2]

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. VG.no: Sotomayor godkjent som høyesterettsdommer Publisert: 6. august 2009, Besøkt: 6. august 2009.
  2. «Sonia Sotomayor (ABA Profile, National Hispanic Heritage Month 2000)».