Sonja Kristina
Sonja Kristina (fødd 14. april 1949 som Sonja Christina Shaw)[1] er ein engelsk låtskrivar, musikar og skodespelarinne, mest kjend for å ha spelt i 60-talsmusikalen Hair, og som frontkvinne og songar[2] i det progressive rockebandet Curved Air i 1970-åra.[3]
Sonja Kristina | |||
| |||
Fødd | 14. april 1949 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brentwood i Essex i England | ||
Fødenamn | Sonja Kristina Shaw | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1960-åra | ||
Sjanger | Progressiv rock, folk, acid folk | ||
Instrument | Vokal | ||
Tilknytte artistar | Curved Air, Mask | ||
Plateselskap | Cherry Red, Market Square | ||
Verka som | Songar, låtskrivar, skodespelarinne | ||
Gift med | Stewart Copeland | ||
Born | Jordan Copeland, Scott Copeland |
Kristina er òg songlærar.
Karriere
endreKristina spelte i den originale oppsetjinga av Hair i London i 1968, før ho i 1970 vart med i Curved Air. Før den tid hadde ho òg vore visesongar. Curved Air var aktive fram til 1976, og igjen sporadisk etter 1990, med Kristina som det einaste faste medlemmet som var med heile vegen. I 1980 gav ho ut det første soloalbumet sitt og i 1982 gifta ho seg med Stewart Copeland, som då hadde stor suksess med The Police, men som i 1970-åra hadde ein kort periode i Curved Air.
I 2008 vart Curved Air samla saman att og har sidan den gong turnert jamleg og gjeve ut eitt studioalbum i 2014.
Diskografi
endreAlbum med Curved Air
endre- Air Conditioning (1970)
- Second Album (1971)
- Phantasmagoria (1972)
- Air Cut (1973)
- Live (1975)
- Midnight Wire (1975)
- Airborne (1976)
- Lovechild (demoar frå 1973, gjeve ut 1990)
- Live at the BBC (1995)
- Alive, 1990 (2000)
- Masters from the Vaults
- Reborn (2008)
- North Star (2014)
Album som Sonja Kristina
endre- Sonja Kristina (1980)
- Songs from the Acid Folk (1991) (med TY-LOR og vener)
- Harmonics of Love (1995) (med Cloud 10)
- Cri De Coeur (2003)
- Heavy Petal CD + DVD av MASK med Sonja Kristina (2005)
Singlar
endre- «It Happened Today» (1971)
- «Back Street Luv» (1971)
- «Walk on By/O Fortuna» (1985)
- «Waking with Dream» (1985)
Andre innspelingar
endre- Vampires Stole My Lunch Money av Mick Farren (1978) – Sonja Kristina og The Pretenders-vokalisten Chrissie Hynde song korvokal på dette albumet.[4]
- Sheep In Wolves' Clothing[5] Motorheadbangers fan club tribute CD (2008) – Kristina bidrog med ein akustisk versjon av Motörhead sin «I Don't Believe A Word.»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sonja Kristina» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Encyclopedia of Popular Music. Colin Larkin. Omnibus Press 27. mai 2011
- ↑ Citizens of Hope and Glory: The Story of Progressiv rock, Stephen Lambe Amberley, Publishing Limited, 30. januar 2012, ISBN 978-1445616834
- ↑ Rocking the Classics: English Progressiv rock and the Counterculture, Edward Macan, Oxford University Press, 1997, ISBN 978-0195098884
- ↑ The Virgin Encyclopedia of 70s Music. Colin Larkin, Virgin, 2002, ISBN 978-1852279479
- ↑ «Alan Burridge». Alanburridge.freeuk.com. Henta 2. januar 2012.