Hair (fullstendig tittel Hair: The American Tribal Love-Rock Musical) er ein amerikansk rockemusikal frå 1967.

Musikalen Hair
Hair: The American Tribal Love-Rock Musical

Språkengelsk
Sjangerrock musical
Uroppføring1969
Frå musikalen Hair med A.P.P.L.A.U.s. på Parkteatret i Moss.

Manuset og songtekstane til musikalen er skrivne av James Rado og Gerome Ragni, og musikken er komponert av Galt MacDermot. Musikalen er eit produkt av motkulturen til hippie-rørsla og den seksuelle revolusjonen på 1960-talet. Fleire av songane blei tekne i bruk av fredsrørsla som på den tida var retta mot Vietnamkrigen. Det direkte språket i musikalen, med ordbruk som vanlegvis ikkje blir nytta på ei scene, omtalan av narkotika og antirasisme, behandlinga av seksualitet, manglande respekt for det amerikanske flagget og nakenscena i slutten av første akt, førte til heftige omtalar og strid då musikalen fyrst blei oppført i USA.[1]

Musikalen var nyskapande i musikalsk teater ved å definera sjangeren «rockemusikal», ved at ensemblet bestod av skodespelarar av ulik etnisitet, og ved at publikum blei invitert opp på scena på slutten av stykket («be-in»-finalen).[2]

Handling

endre

Hair fortel historia om «stammen» (the Tribe), ei gruppe av politisk aktive, langhåra hippiar i Age of Aquarius, det vil seia i «tidsalderen til vassmannen», som lever eit bohemisk liv i New York og gjer motstand mot den amerikanske verneplikta som skreiv ut unge menn til Vietnamkrigen. Claude er ein ung bondegut som mellomlandar i New York på veg til ein militærleir etter å ha verva seg til krigsteneste. I New York møter han hippien Berger og vennegjengen hans, og ikkje minst overklassejenta Sheila. Desse unge menneska slit med å finna balansen mellom ungdomstid, kjærleik og den seksuelle frigjeringa på den eine sida, og opprøret sitt mot krigen, konservative foreldre og eit konservativt samfunn på den andre. Til sist må Claude ta stilling til om han av samvitsgrunnar skal la vera å dra ut i krigen, eller gi etter for pressa frå foreldra og det konservative Amerika ved å dra til Vietnam.

Teateroppføringar

endre

Musikalen blei uroppført i oktober 1967, off-Broadway i Joseph Papp sitt Public Theater, og deretter på eit diskotek i sentrum. Han fekk så premiere på Broadway i april 1968, og blei framført der heile 1750 gonger. Kort tid etter blei det sett opp framsyningar i byar over heile USA og Europa, inkludert ei vellykka oppsetjing i London som hadde heile 1997 framsyningar. Sidan har det vore talrike oppsetjingar over heile verda, også i Noreg, dusinvis av innspelingar og plateutgjevingar, inkludert ei innspeling frå den opphavlege Broadway-oppsetjinga som selde rundt 3 millionar eksemplar. Nokre av songane vart listetoppar. 31. mars 2009 blei musikalen sett opp på nytt på Broadway, og denne oppsetjinga fekk gode omtalar og vann ein Tony-pris og eit Drama Desk-pris for beste nyoppsetjing av ein musikal. Stadige nyoppsetjingar av Hair indikerer at musikalen har vorte ganske folkekjær, og ikkje verkar like sjokkerande på publikum som på slutten av 1960-talet. Likevel skreiv magasinet Time i 2008 at «I dag verker Hair, om noko, meir dristig enn nokon gong.»[3]

Norske oppsetjingar

endre

Hair har vore sett opp i Noreg fleire gonger, fyrste gong på Den Nationale Scene (DNs) i Bergen i 1970. Sven Henning hadde regien, Lucy Fenwick koreografien, Helge Hoff Monsen scenografien og Terje Rypdal hadde den musikalske leiinga, medan Bergens-bandet Saft framførte musikken. Musikalen var omsett frå engelsk av Helge Hagerup og fekk tittelen Hår. «Predikantenes broderkrets» heldt folkemøte i Bergen med metodistpresten Iver E. Høy og redaktør Arthur Berg i Dagen som hovudtalarar, før premieren på DNs 4. desember 1970. Debatten hadde då rasa i bergensavisene heile hausten. «Hår-musikken er demonisk», stod det i Bergens Tidende, som omtalte korleis stykket var blitt diskutert både i bystyret og skulestyra. Bjørgvin-bispen Per Juvkam uttalte at «Noregs moderscene stiller seg til tjeneste for moralsk forfall». I ei melding i Bergens Tidendes kalla Rolf Døcker framsyninga for ein «plastparykk», men noterte ein «aldri sviktande entusiasme» frå ensemblet, og at det under nakenscena var «så dus belysning at en nesten må ha en katts skarpe nattsyn for å se om – ja altså hår eller ikke hår».[4] Meldaren for Aftenposten meinte at «Hår strider mot all moral og anstendighet», og Bergen og omland presteforeining nedsette eit tremannsutval for å skriva ein kritikk av livsfilosofien til stykket. DNs kunne likevel melda at alle framsyningane var utselde.[5]

Framsyninga vart også sett opp med ei nederlandsk besetning på Det Norske Teatret i 1970. Seinare har musikalen vore sett opp på Bryggeteateret i Oslo i 1992, og på Det Norske Teatret i 2006.[6]

I 1979 hadde filmen Hair premiere, regissert av Miloš Forman. Hovudrollene blei spelte av John Savage, Treat Williams og Beverly D'Angelo.[7]

Songane

endre

Hair hadde fleire songar enn det som var vanleg for Broadway-framsyningar på slutten av 1960-talet. Det vanlege var mellom seks og ti songar per akt; det totale talet i Hair var på rundt tretti.[8] Denne lista reflekterer det vanlegaste oppsettet for broadwayførestillingene.[9] Talet på songar på albumutgjevingane kan såleis avvika noko.

Akt I

endre
  • «Aquarius»
  • «Donna»
  • «Hashish»
  • «Sodomy»
  • «I'm Black/Colored Spade»
  • «Manchester England»
  • «Ain't Got No»
  • «I Believe in Love»
  • «Air»
  • «Initials (L.B.J.)»
  • vI Got Life»
  • «Going Down»
  • «Hair»
  • «My Conviction»
  • «Easy to be Hard»
  • «Don't Put It Down»
  • «Frank Mills»
  • «Be-In (Hare Krishna)»
  • «Where Do I Go?»

Akt II

endre
  • «Electric Blues»
  • «Black Boys»
  • «White Boys»
  • «Walking in Space»
  • «Yes, I's Finished/Abie Baby»
  • «Three-Five-Zero-Zero»
  • «What a Piece of Work Is Man»
  • «Good Morning Starshine»
  • «The Bed»
  • «Aquarius (reprise)»
  • «Manchester England (Reprise)»
  • «Eyes Look Your Last»
  • «The Flesh Failures (Let the Sunshine In)»

Kjelder

endre
  1. Horn (1991), s. 87–88
  2. Pacheco, Patrick (17. juni 2001): «Peace, Love and Freedom Party» Arkivert 26. mai 2011 på Wayback Machine., Los Angeles Times, s. 1.
  3. Zoglin, Richard: «A New Dawn for Hair» Arkivert 7. august 2008 på Wayback Machine., Time magazine, 31. juli 2008 (i 11. august 2008-utgaven, s. 61–63)
  4. «Truls Synnestvedt: «Hår på DNS i 1970»». Arkivert frå originalen 18. november 2021. Henta 18. november 2021. 
  5. https://bergenbibliotek.no/musikkogfilm/skatter-og-rariteter/haar
  6. «Gjensyn med "Hair" 40 år etter (Anmeldelse av oppsetningen på Det norske teatret i Oslo)». IdaLou Larsen. 19. september 2006. Arkivert frå originalen 28. mars 2016. Henta 01.10.2016. 
  7. «Hair (1979)». Henta 01.10.2016. 
  8. «Hair (Original Broadway Cast Recording) Track Listing». Allmusic.com.
  9. Miller, s. 70–77

Litteratur

endre
  • Davis, Lorrie & Rachel Gallagher (1973): Letting Down My Hair: Two Years with the Love Rock Tribe, A. Fields Books ISBN 0-525-63005-8
  • Horn, Barbara Lee (1991): The Age of Hair: Evolution and the Impact of Broadway's First Rock Musical, New York, ISBN 0-313-27564-5
  • Johnson, Jonathon (2004): Good Hair Days: A Personal Journey with the American Tribal Love-Rock Musical Hair, iUniverse, ISBN 0-595-31297-7
  • Miller, Scott (2003): Let the Sun Shine In: The Genius of Hair, Heinemann, ISBN 0-325-00556-7
  • Wollman, Elizabeth Lara (2006): The Theatre Will Rock: A History of the Rock Musical from Hair to Hedwig, University of Michigan Press, ISBN 0-472-11576-6


Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Musikalen Hair