Airborne av Curved Air

Airborne
Studioalbum av Curved Air
Språk engelsk
Utgjeve 1976
Innspelt Våren 1976
Studio Trident Studios i London
Sjanger Progressiv rock, folkrock
Lengd 39:40
Selskap BTM
Produsent Dennis MacKay, Curved Air
Curved Air-kronologi 
Midnight Wire
(1975)
Airborne Lovechild
(1990)


Airborne er det sjette studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Curved Air, gjeve ut i 1976. Som dei siste par utgjevingane deira selde ikkje dette albumet særleg godt. Dei gav ut ein singel som ikkje var med på plata, «Baby Please Don't Go» med «Broken Lady», kort tid etter før gruppa vart oppløyst. Trommeslagaren Stewart Copeland skipa så The Police, medan fiolinisten Darryl Way og songaren Sonja Kristina begge starta solokarrierer. Bassisten Tony Reeves og gitaristen Mick Jacques vart begge seinare medlemmar av det halvprofesjonelle bandet Big Chief.

The Police spelte «Kids to Blame» tidleg i karrieren sin, i ein punk-aktig versjon. Stewart Copeland brukte òg om att eit gitarriff frå «Desiree» på solosingelen sin «Don't Care» som han gav ut under namnet Klark Kent.

Bakgrunn og innspeling endre

Albumet var første gongen Stewart Copeland var låtskrivar. Kring utgjevinga av Midnight Wire lærte han om honorara låtskrivarar fekk, og svarte med å kverne ut songar fram til bandet aksepterte nokre av bidraga hans.[1]

Produsenten Dennis McKay slutta i prosjektet halvvegs gjennom innspelinga, og let bandet produserte dei siste fire songane sjølve.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [2]

Allmusic skildra Airborne som eit oversedd album og «ei sterk oppsummering av alt som gjorde gruppa så viktig til å byrje med.» Dei meinte albumet var svakare enn dei først tre, og at det dreiv mot meir generisk 70-talsrock, men meinte òg at «Desiree» og «Heaven (Never Seemed So Far Away)» var like bra som dei beste utgjevingane deira.[2]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Desiree»Stewart Copeland, Sonja KristinaMick Jacques, Stewart Copeland3:12
2.«Kids to Blame»Norma TagerCopeland3:19
3.«Broken Lady»KristinaTony Reeves3:13
4.«Juno»Darryl WayDarryl Way3:23
5.«Touch of Tequila»KristinaJacques, Reeves3:49
Side to
Nr.TittelTekstMusikkLengd
6.«Moonshine»WayWay11:36
7.«Heaven (Never Seemed So Far Away)»Copeland, Stuart LyonsCopeland3:18
8.«Hot and Bothered»TagerJacques2:53
9.«Dazed»WayWay4:17
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelTekstMusikkLengd
10.«Baby Please Don't Go»Big Joe WilliamsBig Joe Williams2:31

Medverkande endre

Curved Air
Gjestemusikarar
  • Robin Lumley – piano på «Broken Lady»
  • Alan Skidmore – saksofon på «Hot & Bothered»
  • Henry Lowther – trompet på «Hot & Bothered»
  • Frank Ricotti – congatrommer
  • Jack Emblow – trekkspel på «Broken Lady»
  • Bob Sargeant – orgel på «Desiree» og «Kids to Blame»
Teknisk
  • Spor 3-5, 7 og 8 produserte av Dennis McKay
  • Spor 1, 2, 6 og 9 produserte av Curved Air
  • Spor 10 produsert av Tony Reeves

Kjelder endre

  1. Sutcliffe, Phil & Fielder, Hugh (1981). L'Historia Bandido. London and New York: Proteus Books. ISBN 0-906071-66-6. p. 16.
  2. 2,0 2,1 Thompson, Dave. Airborne av Curved AirAllmusic. Henta 11. april 2020.