Second Album av Curved Air
Second Album Studioalbum av Curved Air | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. september 1971 | |
Innspelt | Island Studios, Morgan Studios | |
Sjanger | Progressiv rock, kunstrock | |
Lengd | 42:15 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Curved Air, Colin Caldwell | |
Curved Air-kronologi | ||
---|---|---|
Air Conditioning (1970) |
Second Album | Phantasmagoria (1972)
|
Second Album er det andre studioalbumet til den engelske rockegruppa Curved Air. Det nådde 11. plassen på den britiske albumlista i oktober 1971 og singelen «Back Street Luv» klatra til fjerdeplassen i august 1971.[1] Det kom ut to variantar av plateomslaget som inneheld ein regnboge. Dette er ein referanse til albumet A Rainbow in Curved Air av Terry Riley, som bandet tok namnet sitt frå.[2]
Bakgrunn og innspeling
endreInnhaldet og arrangementet for materialet reflekterte eit skarpt skilje i bandet, som førte til at dei vart oppløyst året etter. Alle songane på side A er komponerte av Darryl Way (med noko støtte frå Ian Eyre) og tekstar av Sonja Kristina, medan alle songane på side B var komponerte av Francis Monkman.[3] Francis Monkman forklarte: «Eg og Darryl respekterte kvar andre sine arbeid, men me var usamde om det meste. Og me fekk aldri heilt til å samarbeide i lag. Eg ønskte å lage mitt første 'episke' verk, så det såg ut til at det oppstod eit skilje mellom oss på denne tida.»[4]
I motsetnad til debutalbumet deira, vart Second Album spelt inn medan dei fleste songane var nye og hadde fått lite tid til å utvikle seg på scenen.[5] Eit unntak er «Young Mother», som starta som ein song av Way, Monkman og Pilkington-Miksa i eit band dei hadde før Curved Air, kalla Sisyphus.[4] Han hadde då tittelen «Young Mother in Style», og utvikla seg til forma på Second Album ved at Sonja Kristina skreiv ny tekst.
Dei elektroniske instrumenta nytta på albumet vart laga av E.M.S. London, der bandet sidan spelte inn to spor for det tredje albumet sitt, Phantasmagoria.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [6] |
AllMusic skreiv ei stort sett negativ melding om albumet. Dei sa det mangla nyskapinga og orginaliteten frå dei andre utgjevingane deira, og vart erstatta «ei samling relativt streite, men lydmessige flate rockesongar». Dei skrytte derimot av «Back Street Luv», som er skildra som «rett og slett ein av dei beste augneblinka til bandet... og ein av dei beste singlane tidleg i 1970-åra». Dei skreiv om «Piece of Mind» at denne synte påverknaden frå klassisk musikk som bandet var kjend for, og at medan han delvis gav frysningar i nakken, hadde songen òg delar som etter moderne standard var «håplaust gammaldags», «opplagt» og «forslite». Meldaren skriv òg at dårleg lydkvaliteti overføringa til CD kan ha medverka til den dårlege omtalen.[6]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Young Mother» | Darryl Way, Sonja Kristina Linwood | 5:55 |
2. | «Back Street Luv» | Way, Linwood, Ian Eyre | 3:38 |
3. | «Jumbo» | Way, Linwood | 4:11 |
4. | «You Know» | Way, Linwood | 4:11 |
5. | «Puppets» | Way, Linwood | 5:26 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Everdance» | Francis Monkman | 3:08 |
7. | «Bright Summer's Day '68» | Monkman | 2:54 |
8. | «Piece of Mind» | Monkman | 12:52 |
Medverkande
endre- Curved Air
- Sonja Kristina – solovokal
- Darryl Way – fiolin, korvokal, piano (5)
- Francis Monkman – gitar, klaverinstrument, VCS3 synthesizer
- Ian Eyre – bassgitar
- Florian Pilkington-Miksa – trommer
- Teknisk
- Colin Caldwell – lydteknikar
- Peter Zinovieff – elektronikk
- John Kosh – design
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Second Album (Curved Air album)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Curved Air | full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 10. april 2020.
- ↑ «allmusic ((( Curved Air > Biography )))». AllMusic. Henta 10. april 2020.
- ↑ Joynson, Vernon (1995). The Tapestry of Delights Arkivert 25. august 2011 ved Wayback Machine.. London: Borderline Books.
- ↑ 4,0 4,1 Wynne, Richard. (1999) «Francis Monkman» Arkivert 10. august 2009 ved Wayback Machine.. The Official Curved Air Website.
- ↑ «Cherry Red TV interview». Cherry Red Records. Henta 10. april 2020.
- ↑ 6,0 6,1 Thompson, Dave. Second Album av Curved Air på Allmusic. Henta 10. april 2020.