Sophie Wilmès (fødd 15. januar 1975 i Ixelles) er ein belgisk liberal politikar for Mouvement Réformateur som i oktober 2019 vart statsminister i Belgia etter Charles Michel. Ho vart dimed den fyrste kvinnelige føderale regjeringssjefen i Belgia. 1. oktober 2020 vart ho etterfølgd som statsminister av Alexander De Croo. Samstundes vart ho utanriksminister, også det som fyrste kvinne i Belgia.

Sophie Wilmès

Fødd15. januar 1975 (49 år)
Ixelles
Statsborgar avBelgia
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
Utdanna vedInstitut des hautes études des communications sociales
Université Saint-Louis - Bruxelles
FarPhilippe Wilmès
EktefelleChris Stone
Alle verv
  • medlem av Representantkammeret (2022–)
  • Belgias statsminister (2019–2020)
  • Belgias utenriksminister (2020–2022)
  • Deputy Prime Minister of Belgium (2020–2022)
  • Minister of European Affairs (2020–2022)
  • medlem av Representantkammeret (2019–2020)
  • medlem av Representantkammeret (2014–) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke endre

Wilmès studerte marknadsføring ved Institut des Hautes Études des Communications sociales.[1] Ho arbeidde i eit konsulentfirma før ho gjekk inn i lokalpolitikken.[2]

Lokalpolitisk har Wilmès hatt verv i Uccle/Ukkel og Sint-Genesius-Rode og på provinsnivå i Flamsk Brabant.[1] Ho er medlem av det liberale partiet Mouvement Réformateur. Wilmès er tospråkleg.[3]

I 2014 vart Wilmès medlem av det belgiske representantkammeret.[1] Året etter, i 2015, var ho budsjett- og forvaltingsminister.[1]

Charles Michel trekte seg som statsminister i samband med at han fekk vervet som president for Det europeiske rådet, vart Wilmès utpeika til etterfølgjaren hans.[3] Ho vart den fyrste kvinnelege statsministeren i Belgia.[4] Regjeringa hennar var et forretningsministerium i påvente av danninga av ei koalisjonsregjering.[4] Den 1. oktober 2020 overtok Alexander De Croo som statsminister. Wilmès vart visestatsminister og utanriksminister i den nye regjeringa; den fyrste kvinna til å fylle utanriksministerposten i Belgia.[5][6]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Biography – Sophie Wilmès» (på engelsk). Chancellery of the Prime Minister. 4. november 2014. Henta 9. november 2019. 
  2. «Wie is Sophie Wilmès? De eerste vrouwelijke premier na amper vier jaar ministerschap». De Morgen. 27. oktober 2019. Henta 9. november 2019. 
  3. 3,0 3,1 «De eerste vrouwelijke premier van België staat voor een ondankbare taak». De Morgen. 26. oktober 2019. Henta 9. november 2019. 
  4. 4,0 4,1 «Belgium gets first female Prime Minister». vrtnws.be (på engelsk). 27. oktober 2019. Henta 9. november 2019. 
  5. Strauss, Marine (1. oktober 2020). «Finally, a government after 652 days: New Belgian PM debuts at EU summit». Reuters (på engelsk). Henta 3. november 2020. 
  6. «Meet the new Belgian government». vrtnws.be (på engelsk). 1. oktober 2020. Henta 3. november 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sophie Wilmès