Sotkamo er ein kommune i landskapet Kajanaland i Finland. Kommunen har i kring 10 700 ibuarar og eit areal på 2  951,9 km², av dette er 302,7 km² vatn.

Utsyn frå Vuokatti mot vatnet Sapsojärvi

Turisme og gruvedrift er hovudnæringar i kommunen. Ei av dei største nikkelgruvene i Europa ligg i Sotkamo. Landsbyen Vuokatti vest i kommunen er ein kjend vintersportstad som arrangerer verdscuprenn i nordiske greiner på ski.

Finsk språk er einerådande i Sotkamo.

Den økonomisk-politiske forfattaren Anders Chydenius, romanforfattaren Veikko Huovinen. skihopparen Veikko Kankkonen og friidretts-sprintaren Pirjo Häggman var/er frå Sotkamo.

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Sotkamo» frå su, den 28. august 2013.