Sotsjielva
Sotsji (russisk Сочи, abkhasisk Шәача; adygeisk og ubykhisk Шьача) er ei elv i Krasnodar kraj i Russland. Elva er 47 km lang og har eit nedslagsfelt på 296 km².
Sotsji | |||
elv | |||
Bilete av Sotsjielva om lag 1905-1915 av Sergej Prokudin-Gorskij
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 296 km² | ||
Lengd | 45 km | ||
Kjelde | Store Kaukasus | ||
Munning | Svartehavet | ||
Sotsjielva 43°35′00″N 39°42′53″E / 43.583333333333°N 39.714722222222°E | |||
Wikimedia Commons: Sochi River |
Elva spring ut frå Bolsjaja Sjura i Store Kaukasus og renn 47 km sørvestover og munnar ut i Svartehavet i Sotsji, som har gjeve namn til elva og som er åstad for vinter-OL 2014. Det er den tredje lengste elva i Sotsji etter Mzymta og Sjakhe.
Sotsjielva startar i ei høgd på 2250 meter over havet og renn vest og sørvestover gjennom fjellendt terreng. Ho mottar sideelvar som Usjkho og Ats. Om lag 15 km før ho munnar ut mottar ho den største sideelva si, Agva. Like ved elva ligg Orekhovkafossen som er ein del av Bezumenka. Sotsji snur sørover og renn gjennom forstadane Plastunka, Baranovka og Navaginka før ho når sentrum av Sotsji og munnar ut i Svartehavet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sochi River» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2008.