Mzymta
Mzymta (russisk Мзы́мта, adygisk Мэзмытӏэ - Mezmytha) er ei elv i Vest-Kaukasus i Russland, som renn gjennom Krasnodar kraj og byen Sotsji. Mzymta er den største elva i Russland som munnar ut i Svartehavet og har ei lengd på 89 km med eit nedslagsfelt på 885 km².
Mzymta | |||
elv | |||
Mzymta frå fossen Jomfrutårene.
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 885 km² | ||
Lengd | 89 km | ||
Vassføring | for nær munningen | ||
• middel | 45,6 m³/s | ||
Kjelde | Store Kaukasus | ||
• høgd | 2 980 moh. | ||
Munning | Svartehavet | ||
• høgd | 0 moh. | ||
Mzymta 43°34′20″N 40°37′33″E / 43.5721°N 40.6257°E | |||
Wikimedia Commons: Mzymta |
Mzymta spring ut frå Store Kaukasus i ei høgd 2980 meter over havet, og renn gjennom ein trong dal gjennom innsjøane Kardyvatsj og Vesle Kardyvatsj. Mzymta dannar fleire fossefall og den største av desse er Izumrudny (Smaragd), som er 15 meter høg. Breiddene er dekte av bøkeskog, kastanjer og gamle ubykhiske hagar med ville pæretre, valnøtt og kastanje. I elvegjelet Gretsjeskoje (Gresk) renn elva raskare. Elva renn gjennom gjela Akhshtyr og Dzykhra, som er populære turistattraksjonar. Mzymta munnar ut i Svartehavet nær Adlerskij i Sotsji, der ho deler seg i fleire greiner.
Mzymta er ei populær elv for rafting. Krasnopoljanskaja vasskraftverk har eit reservoar som regulerer elva.
Største sideelvar
endreBustader
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mzymta River» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2008.