Southern Child
Studioalbum av Little Richard
Utgjeve Januar 2005
Innspelt April - mai 1972
Sjanger Rock, funk, country
Selskap Reprise
Produsent Robert «Bumps» Blackwell
Little Richard-kronologi 
The Second Coming

(1972)

Southern Child Right Now! av Little Richard

(1973)


Southern Child var det fjerde og siste albumet Little Richard spelte inn for Reprise Records og var meint å kome ut i 1972. Men albumet vart skrinlagd og songane på albumet kom først ut i 2005 på Rhino Records og samleplata Complete Reprise Recordings.

Historie endre

I plateomslaget til Complete Reprise Recordings står det: «Spelt inn meir eller mindre samstundes med Second Coming. Ti songar vart miksa, sett i rekkjefølgje og samla på masterlydband, før dei vart leverte til Reprise. Albumet hadde fått tittelen Southern Child, og plateomslaget hadde til og med blitt fotografert. Richard sa, 'det var meg som mjølka ei ku dei hadde henta inn i hagen min'. Men av uklåre årsaker vart aldri Southern Child gjeve ut... før no, meir enn 32 år etter det vart spelt inn».[1]

Eit 11. spor som vart spelt inn samstundes, men ikkje valt ut for albumet (men gjeve ut på The Complete Reprise Recordings) var ein fire minuttar lang instrumental kalla «Sneak The Freak».

Mange av songane på albumet vart registrert med opphavsrett før songane på Second Coming. Richard framførte òg «Burning Up With Love» på The Merv Griffin TV Show (USA) før Second Coming kom ut, og han nemner det nye albumet på showet, The Southern Child.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Rihard Penniman, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«California (I'm Comin')» (Randy Ostin, Richard Penniman, Keith Winslow)3:16
2.«If You Pick Her too Hard (She Comes Out of Tune)»3:51
3.«Burning Up with Love»3:20
4.«Ain't No Tellin'» (Randy Ostin, Richard Penniman, Keith Winslow)5:54
5.«Last Year's Race Horse (Can't Run In This Year's Race)»4:14
6.«Southern Child»2:56
7.«In the Name»2:57
8.«Over Yonder»3:54
9.«I Git a Little Lonely»1:43
10.«Puppy Dog Song» (Richard Penniman, Chuck Rainey)8:40

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Tom Vickers, The Complete Reprise Recordings Liner Notes, c. Warner Bros. Records, 2004.