The Second Coming av Little Richard

The Second Coming
Studioalbum av Little Richard
Utgjeve September 1972
Innspelt 27. mars 1972 til 12. april 1972
Sjanger Rock 'n' roll, soul, funk
Lengd 41:02
Selskap Reprise
Produsent Richard Penniman, Robert «Bumps» Blackwell
Little Richard-kronologi 
The King of Rock and Roll

(1971)

The Second Coming Southern Child
(1972)


The Second Coming var det tredje albumet til Little Richard for Reprise Records. Det kom ut i september 1972 og her fekk han med seg att Robert «Bumps» Blackwell som han hadde spelt med medan han var på Specialty i 1950-åra. Dei to skreiv dei fleste songane på albumet i lag. Konseptet var å få saman dei beste studiomusikarane frå 1950-åra med dei beste studiomusikarane frå 1970-åra. Mange fans var skuffa over innhaldet og dei oversynkoperte og overproduserte songane. Albumet selde heller dårleg og gjekk ikkje inn på salslistene.

Historie endre

Little Richard skreiv fleire songar for andre artistar i denne perioden, som «Miss Ann» på albumet To Bonnie from Delaney, ein song for Joey Covington frå The Jefferson Airplane og Hot Tuna, «Bludgeon of a Bluecoat (The Man)», ein duett med Mylon LeFevre i 1972 på albumet He's Not Just A Soldier og to songar til filmen $. Han spelte òg inn «But I Try» med The James Gang (gjeven ut først i 2013) og «Rockin' with the King» med Canned Heat, seint i 1971. Men hans eigne plater selde dårleg, og eit fjerde og siste album for Reprise - Southern Child - vart ikkje gjeven ut. Songane til alle innspelingane til Richard for Reprise, inkludert Southern Child, kom omsider ut på CD i 2005 på Rhino Records.

Second Coming vart spelt inn i 1972 på Record Plant i Los Angeles i California. Medan det førre albumet på Reprise, King of Rock and Roll vart rekna for å vere underprodusert og for kommersielt, vart dette albumet rekna som overprodusert og inneheld for lite av Richard sjølv.

Richard sa: «Eg forlét Reprise fordi eg følte at produsentane ikkje gjorde ein heilhjarta jobb. The Rill Thing var eit bra album. Alle Reprise-albuma var bra, men dei marknadsførte dei ikkje. Så eg forlét dei. Det var ikkje gjensidig. Eg gjekk til Reprise fordi eg følte selskapet kunne gjere noko ... Eg trur ikkje produsentane og folka der rekna meg som den fremste songaren sin.»[1].

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Richard Penniman, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Mockingbird Sally»3:41
2.«Second Line» (Penniman, Robert Bumps Blackwell)4:50
3.«It Ain't What You Do, It's the Way How You Do It» (Penniman, Pete Kleinman)2:45
4.«The Saints»5:03
5.«Nuki Suki» (Bill Hemmons)5:32
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Rockin' Rockin' Boogie» (Penniman, Seabrun Hunter)5:28
7.«Prophet of Peace»3:19
8.«Thomasine» (Penniman, Maybelle Jackson)3:11
9.«Sanctified, Satisfied Toe»7:12

Medverkande endre

Teknisk

Kjelder endre

  1. White, Charles. (2003). The Life and Times of Little Richard: The Authorised Biography. Omnibus Press.