Sovetsk i Kirov oblast

Sovetsk (russisk Сове́тск) er ein by i Kirov oblast i Russland med om lag 17 000 innbyggjarar.

Sovetsk
Советск
Horisonten til Sovetsk
Horisonten til Sovetsk
Flagget til Sovetsk Byåpenet til Sovetsk
Flagget til Sovetsk Byvåpenet til Sovetsk


Plassering
Sovetsk i Kirov oblast is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Kirov oblast
Grunnlagd
Bystatus
1594
1937
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)

17 200
Koordinatar 57°35′N 48°57′E / 57.583°N 48.950°E / 57.583; 48.950
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 83375
Nettstad: sovetsk.narod.ru

Den første omtalen til Kukarka (russisk: Кукарка), det opphavlege namnet til busetnaden, er frå 1594. Han var seinare ein sloboda i Vjatka gubernija i keisarriket Russland. Han fekk status som urbanliknande busetnad og nytt namn i 1918. Han fekk bystatus i 1937.

Leningatar i Sovetsk

Opphavet til namnet Kukarka er usikkert. Forsøk har vore gjort på å spore det til anten udmurtisk (kar = «by») eller tyrkisk (kukar = «nedbrend skog»). Det er slektar ikkje til det russiske kukharka (кухарка–kvinneleg kokk).

Sovetsk (Kukarka) er fødestaden til Vjatsjeslav Molotov.

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.