Soyabønne
Soyabønne (Glycine max) er ein 30—60 cm høg plante av erteblomfamilien med små og tettsittande belger med 2—5 frø i kvar. Soyabønna er ein gammal kulturplante frå Aust-Asia som no blir dyrka i tropiske og subtropiske område over heile verda. Frøa er næringsrike og inneheld om lag 40 % protein og 18 % feitt.
Soyabønne | |
Soyabønne | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Erteblomordenen Fabales |
Familie: | Erteblomfamilien Fabaceae |
Underfamilie: | Papilionoideae |
Slekt: | Glycine |
Art: | Soyabønne G. max |
Vitskapleg namn | |
Glycine max |
Soyabønner blir brukt som dyrefôr og som næringsmiddel, i form av mjøl, planteolje, mosa og fermentert. Tradisjonelle matrettar laga med soya er mellom anna soyasaus, soyamjølk, tofu og edamame. Nyare produkt er teksturert soyaprotein, som kan brukast som kjøterstatting, og ulike former for mjøl, som kan brukast til baking eller som mjølkeerstatting.
Ein bruker også soyaprodukt til ei rekkje andre føremål, som smøreolje, rustfjerningsmiddel, målingsprodukt og i bilindustrien.
Det blir dyrka rundt 240 millionar tonn soyabønner i verda i dag (2012). Dei største soyaprodusentane i verda er USA og Brasil; deretter følgjer Argentina, Kina og India.[1] Over 50 prosent av produksjonen bruker genmodifiserte plantar (GMO).
Galleri
endreKjelder
endre- «Soyabønne» (20. desember 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 9. september 2014.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Soybean» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2014.