Tofu, og kalla bønne-ost, er eit tradisjonelt soyaprodukt frå Asia. Det vert laga av soyamjølk som vert tilsett eit koagulerande middel (til dømes syre, som sitronsaft eller eddik). Massen som då samlar seg vert sila før han pressas og kjølast ned.

Japansk tofu.

Tofu har opphav i Kina under Han-dynastiet. I verket Bencao Gangmu[1] skildrar Li Shizhen (farmakolog frå Ming-dynastiet) korleis ein lagar tofu.

Tofu er proteinrikt, og inneheld lite feitt. Det er difor populært blant vegetarianarar og helseentusiastar. Produktet kan og brukast av laktose-intolerante, som eit alternativ til ost.

Etymologi endre

Det norske ordet tofu kjem frå det japanske tōfu (豆腐), som igjen kjem frå det kinesiske dòufu (豆腐 eller 荳腐), som tyder «bønne» (豆) pluss «ferment» (腐).

Fersk tofu endre

Fersk tofu vert produsert direkte frå soyamjølka.

  • Fast tofu

Denne type tofu har ein fast struktur. Den egnar seg til å skjerast i terningar eller skiver og bli steikt, bakt eller frityrsteikt.

  • Silketofu

Silketofu har ein blautare konsistens enn fast tofu. Den egnar seg til bruk i saus, krem eller suppe.

Kjelder endre

  1. Joseph Needham: Science and Civilisation in China, Vol 6 Part 5 Chapter 40, section d.2

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tofu