Spanjolar eller spaniarar (spansk pueblo español) er ei folkegruppe som høyrer heime i SpaniaDen iberiske halvøya og diasporaen deira. Omgrepet omfattar dei ulike regionale gruppene i landet, noko som viser igjen i den spanske historia. Spania, slik det geografisk er i dag, omfattar nemleg ei rekkje kongedømme frå slutten av 1400-talet som var resultat av den kristne gjenerobringa og den kastiljanske arvefølgjekrigen.

Kjende spanjolar gjennom tidene.
Øvst: Isabella I av CastillaFerdinand II av AragonHernán CortésIgnatius LoyolaCarlos ITeresa av Ávila
Mellom: CervantesFrancisco GoyaJosé María de PeredaRosalía de CastroPérez GaldósLeopoldo Alas
Nedst: GaudíPicassoDalíJuan Carlos IAntonio BanderasRafael Nadal

Det offisielle språket i Spania er spansk (español eller castellano), standardspråket som er basert på mellomalderdialekten til kastiljanarane frå midten av landet, men det er likevel fleire språk i Spania. Alle er iberoromanske utanom det baskiske språket.

Det finst også svært mange med spansk opphav, som eit resultat av emigrasjon, i andre delar av verda – flesteparten av dei i Latin-Amerika. Størstedelen av desse har blanda opphav, og har difor også røter frå til dømes indianarar, andre europeiske land og Afrika.

Kjelder endre