Spellemannprisen 1994
Spellemannprisen 1994 blei delt ut våren 1995. Øystein Sunde vann prisen for Årets spellemann og blei dermed den einaste som har vunne denne utmerkinga to gongar. Første gong var under 1989-utdelinga. I tillegg blei han kåra til Årets spellemann som medlem av Gitarkameratene under 1990-utdelinga. Anne Grete Preus blei årets store vinnar og vann tre prisar for albumet Millimeter.
Det var ellers store endringar i kva for klassar det blei delt ut pris for dette året, og det blei berre delt ut 11 prisar mot 13 året før. Nye klassar var «årets låt» og «årets album». Sistnemnde blei berre utdelt i to fleire gongar før han kverva. Klassane kvinnelege artist og mannlege artist var attende etter 16 år, og klassen «pop» var erstatta med klassen «gruppe». Det blei ikkje delt ut priser innan «rock», «vise», «kammermusikk», «orkestermusikk» eller «open klasse» dette året. Borte for godt var klassane «roots & country» og «underhalding».
Vinnarar
endreKlasse | Artist | Tittel |
---|---|---|
Kvinnelege artist | Anne Grete Preus | Millimeter |
Mannlege artist | Jonas Fjeld | Nerven i min sang |
Gruppe | Tre små kinesere | Hjertemedisin |
Folkemusikk/gammaldans | Knut Buen/Leif Rygg/Kåre Nordstoga | Bjølleslåtten (slåttar etter Ola Mosafinn) |
Jazz | Egil Kapstad Trio | Remembrance |
Klassisk musikk/samtidsmusikk | Håkon Austbø | Messiaen - Vingt Regards |
Barneplate | Terje Formoe | Kaptein Sabeltann og hemmeligheten i Kjuttaviga |
Årets låt | Anne Grete Preus | «Millimeter» |
Årets album | Anne Grete Preus | Millimeter |
Årets nykomar | Weld | Natural Tools |
Årets spellemann | Øystein Sunde |
Kjelder
endre- Nettstaden ifpi.no Arkivert 2007-06-13 ved Wayback Machine.