Spilitt
Spilitt er basalt som under påverknad av varme, vasne løysingar er vorte omdanna (spilittisert) slik at det opphavlege innhaldet til basalten av plagioklas er gått over i albitt, samstundes som det er danna kloritt, epidot, kalsitt og liknande. Spilittar finst ofte som submarine lavastraumar med putestruktur.
Kjelder
endre- Spilitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/spilitt.