Epidot
Epidot, tidlegare kalla pistacitt, er eit grønt mineral. Det er særleg vanleg som ein bestanddel av lågmetamorfe bergartar, som grønskifer.
Epidot | |||
Epidotkrystallar | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sorosilikat | ||
Kjemisk formel | {Ca2}{Al2Fe3+}[O|OH|SiO4|Si2O7] | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Pistasjegrøn, gul-grøn, grønaktig svart | ||
Krystallform | Prismatisk med striper, trådaktig, massiv | ||
Krystallsystem | Monoklin – prismatisk | ||
Tvilling | On [100] | ||
Kløyv | {001} perfekt og {100} uperfekt | ||
Brot | Flat vanleg til ujamn | ||
Mohs hardleiksskala | 6–7 | ||
Glans | glasaktig til harpiksaktig | ||
Strekfarge | Gråaktig kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til nesten ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 3.3–3.6 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.715–1.751 nβ = 1.725–1.784 nγ = 1.734–1.797 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.019–0.046 | ||
Pleokroisme | Kraftig | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Det finst i større krystall på skarnførekomstar, som i Arendal og Oslofeltet, og saman med zeolittar på holrom i basalt.
Den kjemiske formelen er Ca2Al2(Fe3+;Al)(SiO4)(Si2O7)O(OH) og det er eit hydroksylhaldig silikat av kalsium, aluminium og jarn. Mineralet har monoklin symmetri.
Kjelder
endre- Raade, Gunnar. (20. januar 2012). Epidot. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.