Spitz Ridge
Spitz Ridge er ein markant, hovudsakleg isdekt rygg aust for Cox Bluff, på austenden av Toney Mountain i Marie Byrd Land. Han vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1959-66. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter A. Lawrence (Larry) Spitz, ein forskar på ionosfæren, som overvintra ved Byrd-stasjonen i 1966 og som arbeidde fleire somrar ved Byrd- og Hallett-stasjonen.
Spitz Ridge | |||
rygg | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
- koordinatar | 75°49′S 114°52′W / 75.817°S 114.867°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Spitz Ridge 75°49′00″S 114°52′01″W / 75.8167°S 114.867°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Spitz Ridge» (innhald frå Geographic Names Information System).