Sport i botanikk og hagebruk er ein del av ein plante som avvik morfologisk frå resten av planten. Det kan omfatta avvikande farge eller form på greiner, blad eller blomar.

Sport på ein dvergvariant av kvitgran (Picea glauca var. albertiana 'Conica') som ser ut til å gå tilbake til normal stor vekst.

Sportar med eigenskapar ein ønskjer å ta vare på kan ein ta stiklingar av og dyrka nye sortar med desse eigenskapane.[1] Slike plantar har ofte ein tendens til å revertera, det vil seia å venda tilbake til den opphavlege forma.

Nektarinar, i det minste nokre variantar, oppstod som ein knopp-sport frå fersken. Andre vanlege frukter som har oppstått frå sportar er pæra D'Anjou og 'Pink Lemonade'-sitronen, som oppstod som ein sport frå 'Eureka'-sitronen.[2]

Roser endre

Mange roser har opphav i sportar. Varianten 'Mme A. Meilland' eller 'Peace' er til dømes opphav til sportane 'Climbing Peace' (Kordes 1951), 'Chicago Peace' (Johnston 1962) og 'Kronenbourg' (syn. 'Flaming Peace', McGredy 1966).[3]

Kjelder endre

  1. Melissa King (8. august 2003), Fact Sheet: What is a Cultivar?, Gardening Australia, henta 24. mai 2016 
  2. Variegated Pink Fleshed Eureka lemon, University of California at Riverside, arkivert frå originalen 1. desember 2017, henta 24. mai 2016 
  3. Charles and Brigid Quest-Ritson (2010). Rosen - die große Enzyklopädie [RHS Encyclopedia of Roses] (på tysk). Dorling Kindersley. s. 263. ISBN 978-3-8310-1734-8.