Opna hovudmenyen

Sportsklubben Sprint-Jeløy er ein rein fotballklubb heimehøyrande i Moss i Østfold. Klubben vart stifta 11. oktober 1940 då Jeløy Idrettsforening og Sportsklubben Sprint slo seg saman. Sprint-Jeløy har over 600 medlemer og spelar heimekampane på Bellevue stadion i kvite trøyer og elles mørkeblått.

A-laget til Sprint-Jeløy deltok fram til 2008 i fleire tiår jamnt på nivå tre i det norske seriesystemet, også ein sesong på nivå to. Etter den tid har klubben spelt lokalfotball på nivå fire og fem.

Sprint-Jeløy var særleg kjend for kvinnelaget som i 1980-90-åra var eit av Noregs beste med spelarar som Heidi Støre, Liv Strædet og Agnete Carlsen i fremste rekke. Laget vart noregsmeister fire år på rad, 1985-88, og seriemeister i 1990 og 1993. Sprint-Jeløy avvikla kvinnefotballen i 1997.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra