Spuriøs samanheng

Ein spuriøs samanheng er ein matematisk eller statistisk samanheng mellom to variablar, som ikkje byggjer på noko logisk samband mellom variablane. Samanfallet kan koma av at båe variablane er påverka av ein sams attanforliggjande variabel, eller at samanfallet berre er tilfelleleg.

Er storkar ein føresetnad for mange barnefødslar?

Spuriøse samanhengar ovrar seg helst i forsking og studiar der ein ikkje har eit fullkome oversyn over kva som verkar inn på dei variablane ein granskar.

Eit døme på ein spuriøs samanheng finn me i ei dansk gransking, der ein fann at det var ein samanheng mellom talet på storkar i eit område og kor mange born som vert fødde i same området. Studien kom fram til at mengda storkar samvariera med mengda born: Di fleire storkar, di fleire born vert fødd. Endå om denne samanhengen kan byggja på grunnsolide empiriske data og statistiske utrekningar, manglar han heilt noko logisk uttyding. Samanhengen er spuriøs, med di me kan peika på sams variablar som synest verka både på mengda storkar i området, og barnefødslar, til dømes urbanisering. I byar får familiar færre born, og i byar er det få storkar.

Fåren for spuriøsitet gjer at all samfunnsvitskapleg gransking må ha stødige teoretiske grunnfeste.