Sputnik-programmet

Sputnik (Спутник (reisefylgje)) var namnet på dei 10 fyrste sovtetiske romfarkostane.

Sputnik 1Endra

Sputnik 1 (Спутник-1), som vart skoten opp den 4 oktober 1957, var den fyrste kunstige lekamen som gjekk kring jordkloten. Oppgåva til Sputnik 1 var å syna at det var mogeleg å plassera ein kunstig lekam i jordbane. Sputnik 1 sende ut eit radiosignal som var fanga opp rundt heile kloten. Sputnik 1 synte at sovjetisk romindustri på denne tida var den som var lengst framme, noko som midt under den kalde krigen førte til uro i USA.

Sputnik 2Endra

Sputnik 2 (Спутник-2), som vart skoten opp den 3. november var den fyrste romfarkosten som hadde med ein passasjer. Passasjeren var hunden Laika.

Sputnik 3Endra

Sputnik 3 (Спутник-3) vart skoten opp frå Baikonur cosmodrome den 15 mai 1958. Bereraketten var ein modifisert R-7/SS-6 ICBM. SPutnik 3 var ein forskingssputnik som mellom anna skulle samla data om den øvre atmosfæren, men på grunn av ein feil med bandopptakaren som vart nytta for å lagra data klart ikkje sputnikken å utføra oppgåva si.

Sputnik 4Endra

Sputnik 4 (Спутник-4), som vart skoten opp den 15. mai 1960, var ein prototype som skulle prøva ut teknologien for å senna folk ut i verdsrommet.

Sputnik 5Endra

Sputnik 5 (Спутник-5), som vart skoten opp den 19. august 1960, hadde òg med to hundar, Strelka og Belka.

Sputnik 6Endra

Sputnik 6 (Спутник-6), som vart skoten opp den 1. desember 1960, hadde òg med to hundar, Pchelka og Mushka.

Sputnik 7Endra

Sputnik 8Endra

Sputnik 9Endra

Sputnik 10Endra

  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.