Sputnik 1 (russisk Спутник-1, namnet tyder «reisevenn») var den fyrste kunstige satellitten som blei sendt ut i verdsrommet. Han blei sendt opp av Sovjetunionen 4. oktober 1957. Dette kom som eit sjokkUSA, som på den tida trudde at teknologien deira låg framom den til Sovjetunionen.

Ein utstillingsmodell av satellitten Sputnik 1

Massen til satellitten var på 83,6 kg og diameteren 0,58 m. Han hadde to radiosendarar (20 og 40 MHz), og ein meiner at banehøgda var på 250 km. Analysar av radiosignala blei nytta til å samle inn informasjon om elektrontettleiken til jordatmosfæren. Sputnik 1 blei sendt opp av ein R-7-rakett.

Det indre av Sputnik 1 var fylt med nitrogengass, og ei inntrenging av ein meteoroide ville kunna merkast sidan det ville føra til trykkfall og soleis eit fall i temperatur. Ingen slike inntrengingar vart registrerte.[1]

Radiosendarane om bord på Sputnik 1 fungerte i tre veker, fram til dei kjemiske batteria om bord gjekk tomme.[1] Banen til Sputnik 1 morkna 4. januar 1958; og satellitten fall då ned mot jorda, 92 dagar etter oppskytinga.[1][2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Sputnik 1 - NSSDC
  2. Sputnik and the Origins of the Space Age Arkivert 2012-09-17 ved Wayback Machine. - Roger D. Launius/NASA

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sputnik 1
  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.