Stål Aanderaa
norsk matematikar
Stål Aanderaa (fødd 1. februar 1931 i Steinkjer) er ein norsk matematikar.
Stål Aanderaa | |||
Fødd | 1. februar 1931 Steinkjer | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | matematikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Harvard University | ||
Doktorgradsrettleiar | Hao Wang | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Han vart mag.scient. i 1959 og tok doktorgraden ved Harvard University i 1966. Sidan 1978 har han vore professor ved Universitetet i Oslo. Han har gjeve viktige bidrag til matematisk logikk, der han først og fremst har arbeidd med logiske avgjersleproblem og generell algoritme- og rekursjonsteori.
Kjelder
endre- Stål Aanderaa. (2012-02-15) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Stål_Aanderaa