Stårheim kyrkje

kyrkje i Eid kommune

Stårheim kyrkje står på Stårheim i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1864.[1]

Stårheim kyrkje
kyrkje
Foto: kirkenorge.no
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordfjord
Sokn Stårheim
Fellesråd Stad
Type Langkyrkje
Arkitekt Chr. H. Grosch[1]
Material Tre
Innvigd 4. desember 1864[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 340[1]
Kart
Stårheim kyrkje
61°55′7″ N 5°45′57″ E
Wikimedia Commons: Stårheim kyrkje
Stårheim kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Stårheim kyrkje

Bygget, som har sitjeplassar til 340 personar, er ført opp etter teikningar laga av arkitekt Christian Heinrich Grosch.[1]

På kyrkjegarden står det ein minnestein som heidrar salmediktaren Matias Orheim.

Den fyrste Stårheim-kyrkja vart truleg sett opp på på fyrste del av 1100-talet som høgendekyrkje eller huskapell av stormannen Arne på Stofreimr.[1] Fyrste gongen ein finn Stårheim-kyrkja omtala i kjeldene er i 1338, då hadde nokon sett fyr på kyrkja. Dette var truleg ei stavkyrkje som stod til kring 1600.[2] Stavkyrkja vart erstatta av ei enkel tømra kyrkje som stod til dagens kyrkje skulle byggjast.

Stårheim kyrkje er soknekyrkje i Stårheim sokn i Nordfjord prosti.

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Aaraas, Margrethe Henden. «Stårheim kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 2. mars 2021. 
  2. ««Stårheim kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon».  Vitja 21. januar 2009

Bakgrunnsstoff endre