Opna hovudmenyen

Matias Orheim (26. juli 188420. april 1958) var ein norsk salmediktar og lekpredikant. Han gav ut fleire songbøker, og skreiv til saman 178 melodiar og omtrent 1000 dikt. Seks av songane hans er i Norsk Salmebok og tretten songar er med i bedehussongboka Sangboken Syng For Herren. Best kjent av desse er «Kvardagskristen vil eg vera». I tillegg dreiv han ei utstrekt reiseverksemd og vitja alle prestegjelda i landet bortsett frå dei seks nordlegaste i Finnmark. Dit fekk han ikkje kome av di han brukte nynorsk. Når han reiste rundt og forkynte spelte han også songane sine. Dei akkompagnerte han anten på fele eller på glas. Songane hans har preg av å vere skrivne inn i ein tradisjon med fokus på andeleg vekking.

Matias Orheim
Matias Orheim.jpg
Fødd 26. juli 1884
Nordfjordeid
Død

20. april 1958 (73 år)
Nordfjordeid

Yrke Predikant og salmediktar
Ektefelle Maria Orheim

LivEndra

Orheim voks opp på garden Orheim i Stårheim i Nordfjord. Han kom tidleg inn i den frilyndte ungdomsrørsla, og kjende avstand til pietismen. Dette endra seg etter eit møte på bedehuset i Stårheim i pinsa i 1900. Der var talarane Ludvig Hope og Thormod Rettedal. Orheim rekna seg som kristen etter dette møtet, og skreiv sin fyrste kristne song, «Eg fann min Gud i ungdomsår» dagen etter.

Omtrent på denne tida byrja han å få problem med synet, og etterkvart vart han heilt blind. Dette skjedde ikkje før i 1916, og fram til dette reiste han som omreisande forkynnar for Det Vestlandske Indremisjonsforbund og Kristiania Indremisjon. Han jobba seinare for Norges Kristelige Ungdomsforbund, og i 1948, etter at han hadde blitt pensjonist, hadde han heile 400 møter.

Matias og kona Maria hadde eit svært nært samliv. Ho var blant anna med han på mange av turane hans og hjelpte han med det han ikkje klarte på grunn av sitt manglande syn. Dei bad til Gud om å få døy saman, og dette skjedde. Om kvelden 20. april 1958 døydde Matias, og seinare same natta døydde Maria. Dei vart gravlagde saman i Stårheim kyrkje.

Ungdomskvad, ei samling av songane hans, selde 65 000 eksemplar i det siste opplaget. Orheim fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1953.

BibliografiEndra

BøkerEndra

  • 1908 – Songar (Kristiansund: Nordmør prenteverk)
  • 1909 – Songar og salmar (Stavanger: Jakob Dreyers prenteverk)
  • 1914 – Bondesonen 1814 - 23/12 - 1914 : minnekvad um bondesonen Hans Nilsen Hauge, vigsla hundradaarsdagen etter at frikjenningsdomen fall (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no
  • 1916 – Morgondogg (Bergen: Lunde)
  • 1916 – Solrenning (Bergen: Lunde)
  • 1941 – Korte ord om liv og lag i norskt kr. ungdomsarbeid : eit personleg vitnemål (Flekkefjord)
  • 1954 – Livet sjølv (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no  [Ungdomsutgåva av Skrifter i samling. Band 1]
  • 1954 – På odelsgrunn (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no  [Ungdomsutgåva av Skrifter i samling. Band 2]

I tidsskrift - eit utvalEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  • Arne Grimstad (1984). Den blinde sjåaren : Matias Orheim til minne i høve 100-årsdagen då han vart fødd, 26-7-1884. Stryn: Distribusjon : Nordfjord krins av NKUF v/krinskontoret. 
  • Birger Løvlie (2007). Kor mykje stort - : Matias Orheim, hans bidrag til vestnorsk kultur og kristenliv. Trondheim: Tapir akademisk forlag. ISBN 978-82-519-2254-8.