St. Jakob kyrkje er ei langkyrkje frå 1921 som ikkje lenger er vanleg soknekyrkje. Kyrkja ligg på Nygårdstangen i Bergen sentrum.

St. Jakob kyrkje
kyrkje

Foto: Diego Delso

Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Bergen domprosti
Sokn Bergen domkyrkje
Type Langkyrkje
Periode Nyromansk stil
Arkitekt Daniel J. Muri
Material Tegl
Innvigd 5. mai 1921
Tårn i sørvest
Skip Einskipa kyrkje
Klokker To klokker, frå O. Olsen & Sønn klokkestøperi Nauen, Tønsberg, 1921
Kyrkjegard Nei
Preikestol Åttekanta, støypt
Døypefont Profilert kum av kunststein på krossforma teglfot
Altartavle Altarkrusifiks
Orgel Frobenius, 1950
Sitjeplassar 550
Kart
St. Jakob kyrkje
60°23′12″N 5°19′54″E / 60.38674111°N 5.33160389°E / 60.38674111; 5.33160389
Wikimedia Commons: St. Jakob kirke
Eldre bilete av St. Jakob kyrkje, frå Nasjonalbibliotekets bildesamling

Nygårdstangen kyrkjelyd vart skild ut frå Johannes kyrkjelyd i 1917, og etter dette vart det vedteke å byggja kyrkje her. Ein la ned grunnstein den 31. oktober 1917 og etter fire år med bygging stod kyrkja klar den 5. mai 1921.[1]

Kyrkja fungerte som vanleg soknekyrkje fram til 2002. Då var det organisasjonen Normisjon som overtok kyrkja og brukte henne som lokale for kyrkjelyden Norkirken Bergen.

Frå og med 2013 vart kyrkja gjort til ungdomskyrkje i Bergen bispedømme.[2] Dette prosjektet er eit samarbeid mellom Bergen Domkyrkje kyrkjelyd, Ynglingen Bergen KFUK-KFUM og Bjørgvin bispedømmeråd.

St. Jakobprosjektet har som formål å samla ungdom, først og fremst i Bergen sentrum og Bjørgvin bispedømme. Her skal ungdom enkelt kunna bruka alle fasilitetane i kyrkja, inkludert datarom, kjøken, lydstudio, hybel, Jakobsalen og kyrkjerommet.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre