St. Moritzsjøen
St. Moritzsjøen (tysk St. Moritzersee, retoromansk Lej da San Murezzan) er ein innsjø nær St. Moritz i Sveits. Med eit areal på 0,78 km² er han den minste av innsjøane i den øvre Engadindalen (Silsersee, Silvaplanasjøen).
St. Moritzsjøen | |||
St. Moritzersee Lej da San Murezzan | |||
innsjø | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | meromiktisk | ||
Tilsig | Inn, Ovel dal Mulin | ||
Utløp | Inn | ||
Høgd over havet | 1768 moh. | ||
Lengd | 1,6 km | ||
Areal | 0,78 km² | ||
Største djupn | 44 m | ||
Tilfrosen | desember-mai | ||
Koordinatar | 46°29′40″N 9°50′45″E / 46.49444°N 9.84583°E | ||
Byar | St. Moritz | ||
St. Moritzsjøen 46°29′40″N 9°50′45″E / 46.494444444444°N 9.8458333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Lake St. Moritz |
Kvart januar eller tidleg i februar vert det halde polokonkurransar og hesteløp på innsjøen. Veddeløpa har sidan 1907 ført rike turistar til innsjøen for champagne og veddemål. Det var òg her sporten skikjøring med hest vart funnen opp, der hestar dreg skiløparar etter seg. Det første løpet vart halde i 1906 frå St. Moritz til Champfer og vart vunnen av Philip Mark med hesten Blitz.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake St. Moritz» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2012.