St. Ives i Cornwall
- Denne artikkelen handlar om byen i Cornwall. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå St. Ives.
St. Ives (Porth Ia på kornisk) er ein kystby i Cornwall i England. Han ligg nord for Penzance og vest for Camborne. Han var tidlegare avhengig av fiske, men er no først og fremst eit turistmål.
St. Ives | ||
---|---|---|
kornisk | Porth Ia | |
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Cornwall | |
Distrikt | Cornwall | |
Grunnlagd | 400-talet | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
11 165 | |
Koordinatar | 50°13′N 5°29′W / 50.217°N 5.483°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | TR26 1/2/3xx | |
Telefon-retningsnummer | 01736 | |
Under Bønebokopprøret i 1549 var St. Ives åstad for eit kjent overgrep. Den engelske Provost Marshall kom til byen, og inviterte borgarmeisteren, John Payne, til lunsj på eit vertshus. På førehand bad han borgarmeisteren om å sørgje for at det vart reist ein galge medan dei åt. Etter måltidet gjekk dei saman til galgen, der borgarmeisteren vart hengt fordi han var katolikk.
Byen vart modernisert etter at jarnbanen kom i 1877. Med jarnbana følgde òg den første turismen. Mange av bygningane i sentrum er reist i siste fjerdedelen av 1800-talet.
I 1928 la kunstnarane Alfred Wallis, Ben Nicholson og Christopher Wood grunnlaget for ein kunstnarkoloni som enno finst i St Ives. Ei avdeling av Tategalleriet opna i byen i 1993; Barbara Heptworth Museum med ein skulpturhage er underlagt galleriet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «St. Ives (Cornwall)» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2011.