Opna hovudmenyen
Gaffeltyrann

Status i verda: LC Livskraftig

Fotografi frå Colombia Foto: Rogier Klappe
Fotografi frå Colombia
Foto: Rogier Klappe
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Tyrannidae
Slekt: Tyrannus
Art: T. savana
Vitskapleg namn
Tyrannus savana

Gaffeltyrann, Tyrannus savana, er ein Suboscines sporvefugl i tyrannfamilien, og er medlem av ei slekt vanlegvis referert til som kongetyrannar, engelsk 'kingbirds'.

Skildring og økologiEndra

Denne fuglen lever i eit breitt spekter av habitat, inkludert beitemark, skog langs elvebreidder og opne til halvopne tørre område med spreidde tre, og i mangrovar. Flyttfuglar kan samlast i store grupper i Llanos og på øyar i Orinoco i Venezuela.[1] Hekkeområda for nominatarten er frå det sentrale Mexico til sentrale Argentina. I mykje av dette området vil dei vanlegvis opptre heile året, men i dei sørlege delar trekkjer dei nordover for overvintring. Denne arten er òg kjent for å streife mykje, han kan nesten årleg opptre i det austlege USA og inn i Canada.[2] Underarten T. s. monachus hekkar i nordre del av utbreiingsområdet, nord til Mexico og overvintrar i sør.[2]

Denne kongetyrannen byggjer eit grunt koppforma reir 1-10 meter høgt i ein busk eller lite tre. Hoa legg vanlegvis 2 eller 3 egg.

Gaffeltyrannen er kvit under, grå over og har ei svart hette. Hannar viser nokre gonger ei gul kronestripe. Hannar har òg ein ekstremt lang gaffelforma hale enda lengre enn hos slektningen deira, saksetyrann. Hofuglar har ein noko kortare hale, medan han er vesentleg kortare hos ungfuglar. Hannar er 37-41 cm i lengd; hoer 28-30 cm, inkludert halen. Dei veg berre 28-32 gram, mykje mindre enn nært nærskylde kongetyrannar som har halvparten av den totale lengda av denne arten.

Denne arten er først og fremst ein insektetar, men vil byte til bær og små frukter i løpet av vinteren viss insekta blir mangelvare.

UnderartarEndra

Underartar etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010.[3]

Tyrannus savana:

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Hilty (2002) side 638
  2. 2,0 2,1 2,2 McCaskie,G, Patten, M. A. Status of the Fork-tailed Flycatcher (Tyrannus savana) in the United states and Canada Western Birds, band 25, 3, 1994
  3. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (20. desember 2010), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 2. januar 2011